nyhende

Framleis etterlatne båtar ved rasteplassen

Det har skjedd lite med dei tilsynelatande etterlatne båtane ved rasteplassen attmed Vigdarvatnet sidan Vestavind skreiv om saka tidlegare i sommar.

Publisert Sist oppdatert

I alle fall ein båt er fjerna, dei andre ligg som før. Heller ikkje John Ragnar Tveit i styret for Vigdar Grunneigarlag, som tok opp problemet med lokalavisa, har høyrt noko frå båteigarane.

Flesteparten av båtane ligg på Vestland fylkeskommune sin grunn, som også omfattar rasteplassen ve Fv. 47. Som me skreiv sist, er det grunneigar som må ta initiativet dersom det skal framsetjast krav om fjerning av båtane.

– Ønskjer ikkje forsøpling

Me har vore i kontakt med Morten Stokken. Han er byggeleiar ved avdelinga for vedlikehald, drift og beredskap i fylkeskommunen. Han kjenner ikkje til problemet med dei etterlatne båtane i dårleg forfatning ved Vigdarvatnet, men rår grunneigarlaget til å ta kontakt dersom dei ønskjer dialog med fylkeskommunen.

På generelt grunnlag seier Stokken at fylkeskommunen ikkje ønskjer noko form for forsøpling ved sine rasteplasser.

Powered by Labrador CMS