nyhende

På ein del gang- og sykkelvegar er det heilt eller delvis broddeføre, men dei aller fleste vil truleg bli bare i løpet av tysdagen. Foto: Ellen Marie Hagevik
På ein del gang- og sykkelvegar er det heilt eller delvis broddeføre, men dei aller fleste vil truleg bli bare i løpet av tysdagen.

Frå vakker vinter til våt «vår» og stengt veg

Det skal bøtta ned i dag, og det blir ekstra vått på grunn av snøen som smeltar. For Sveio er det ikkje mindre enn tre gule farevarsel, og Paddevegen er stengt.

Publisert Sist oppdatert

– Veg- og føreforholda på Paddevegen er så dårlege at vegen måtte stengast i dag tidleg. I første omgang reknar me med den blir stengt ei veke, kanskje lenger. Denne vegen, og andre grusvegar, blir ei smørje når me får brå tele som no, seier John Anders Semb, driftsleiar for veg i Sveio kommune.

Rosar mannskapa

Sidan Paddevegen er ein snarveg, blir den ikkje prioritert med det første.

– Me har stengt den både på grunn av tilstanden og at det er fare for skadar på bilar som køyrer der. Dessutan er det ein veg dei færraste bergingsbilar kan køyra på på grunn av vekt, seier Semb.

Han nyttar høvet til å rosa alle brøytemannskapa som har gjort ein formidabel innsats i løpet av det store snøfallet som har vore.

– Eg vil takka alle som har bidratt. Folk har stått på dag og natt, og berre påkravd kviletid har stoppa dei. Me har nesten ikkje fått klagar, og det tyder på at det er gjort ein veldig god jobb, seier  Semb.

Flaumfare

I kystnære strok frå Nordland til Rogaland er det frå 15.00-tida måndag meldt aukande flaumfare.

Mildvêret og stigande temperatur i tillegg til mykje regn fører til kraftig snøsmelting, og det me har uvanleg mykje snø som skal smelta. Dette kan føra til lokale oversvømmingar og overvatn i tettbygde område, langs vegar og annan infrastruktur.

Haugaland brann og redning ((HBR) si liste til dei som ikkje er glad i vatn i kjellarar eller andre lavtliggande stedar:

  • Våt snø er tung. Fjern snø fra store flater som tak og terrassar.
  • Lag renner i snøen/isen slik at vannet renn vekk frå bustad eller annen bygning.
  • Sjekk at det ikkje ligger snø eller is over sluk og kumlokk som tettar desse.
  • Ta gjerne eit ansvar for nabolaget også. Å vera til hjelp og nytte er aldri feil.
Brå overgang til plussgrader og mykje regn gjer at det er viktig å sjekka at det ikkje er snø eller is over sluk og kumlokk som tettar desse.

Isvarsel

Farevarselet pågår og gjeld for Vestlandet, Midt-Noreg og vest i Agder.

I skrivande stund ser det ut til at regnet ikkje frys på der det er bare vegar. Der det ligg is etter det store snøfallet, er det svært glatt. På gang- og sykkelvegar som er delvis dekka av is og snø, vil det vera broddeføre til isen er vekke.

– Me har vore i gong sidan søndag kveld og prioriterer no grusvegar, busstrasear og strøing av gang- og sykkelvegar. I løpet av tysdagen trur eg dei fleste gang- og sykkelvegar vil vera bare, seier Semb.

Meteorologane sine anbefalingar:

  • Ver ekstra merksam; isen kan vera vanskeleg å sjå.
  • Vurder bruk av broddar.
  • Regn ekstra tid til transport og køyring.
  • Bruk riktige dekk og køyr etter forholda.

Jord-, sørpe- og flaumskred

Varselet gjeld for heile Vestlandet. Det er aukande fare frå klokka 12.00 måndag og først avtakende fare fredag morgon.

Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt ut sette. Sørpeskred kan bli utløyst i relativt slake hellinger der vatn samlar seg. Skreda blir ofte kanalisert gjennom bakkeløp og kan då utvikla seg til flaumskred som har lang rekkevidde.

Powered by Labrador CMS