nyhende
Frå tysdag er det strekningsmåling i Bømlafjordtunnelen
Frå tysdag blir det innført strekningsmåling av fart på E39 i Bømlafjordtunnelen.
Trafikktryggleikstiltaket skal erstatte fotoboksane som sidan 2003 har målt fart i punkter i tunnelen.
Mindre risiko
— Med dette håpar vi å få jamnare og meir rett hastigheit i tunnelen, seier Guro Rånes i ei pressemelding. Ho er leiar for trafikktryggleik i Statens Vegvesen.
I dag blir det ofte målt høg fart gjennom tunnelen.
— Det betyr høg risiko for alvorlege ulykke, og det er det vi nå prøver å gjøre noko med, seier ho.
Heile tunnelen
Det er sett opp utstyr for strekningsmåling av fart i heile tunnelen si lengde, i begge retningar, slik at kontrollen også inkluderer tunnelmunningane.
Erfaringar frå andre plassar med streknings-ATK viser at talet på drepne og hardt skadde blir halvert, og at effekten held seg i fleire kilometer etter sjølve fartskontroll-sonen.
Det er Statens Vegvesen som sørger for oppsett og drift av fotoboksane, og fotografering av lovbrot, mens politiet har ansvaret for å følgje opp dei straffbare forholda.