nyhende

Frå tettstad til småbruk i Buavåg

Det er ikkje lenge sidan sola skein opp gardstunet i Buavåg for første gongen. Sambuarparet Marianne Grindheim og Jonny Hansen er sikre på at det var rett å flytta frå det bynære området Vormedal til bygda.

Publisert Sist oppdatert

Det var i november flyttelasset gjekk frå Vormedal til Buavåg, og Marianne Grindheim og Jonny Hansen og 11-åringen Odin flytta inn på Heimly gard, eit småbruk i Buavåg som dei fleste har køyrt forbi på veg til ein eller annan plass.

Hagestova er lys og romsleg, med utsikt til fjosen. Her bruker Jonny Hansen og Marianne Grindheim mykje tid.

To hundar og ein katt har blitt vane med det landlege livet. Det har også dei to-beinte, sjølv om det var litt tvil i starten.

Langt vekke

– Me ville eigentleg venta til gutungen var ute av huset før me kjøpte småbruk, men så gjekk me for å sjå, fortel Jonny, som er bonuspappa til Odin.

– Det var alt for langt synest eg, me kan ikkje bu her, sa eg, fortel Marianne.

Pip-pip, her er dei to kyllingane som bur i hønsehøset. Marianne Grindheim sørgjer for både mat og varme.

Det var avstanden til jobb som haldt litt igjen, men sidan Grindheim plutseleg stod utan jobb, var ho langt mindre bunden. Og så blei det småbruk. Og det er ikkje så lang veg frå Buavåg til Bring-terminalen på Flotmyr, der Hansen har sin base som lastebilsjåfør for Suldal transport.

Flytta i november

– Me hadde forsøkt med småbruk i hagen frå tomannsbustaden på Vormedal i snart sju år, smiler Grindheim, og fortel om både vaktlar, høner og kaniner.

Dei kjøpte huset i den mørkaste tida på året, no gler dei seg til å sjå kva som kjem opp frå hagen av planter og buskar når det vårast.

– Det kjem ikkje opp nokon ting om me ikkje får opp gjerde til geitene snart, ler Marianne. Oppdraget deira blir å halda utmarka nedbeita.

Varm velkomst

Begge to er overvelda over mottakinga dei har fått som nytilflytta.

– Det er ikkje makan til velkomst ein får på bygda, utbryt Jonny.

– Til jul kom det folk på døra med juleblome og oppsats. Og alt første helga var det klassekameratar på døra som ville helsa på Odin som går på Sveio skule, fortel Marianne.

Storleiken på småbruket er perfekt til deira bruk. Tanken er å bli sjølvberga med grønsaker, men dei reknar ikkje med å få til alt første året. Ellers vil kanoturar, fiske og turar stå høgt i kurs.

– Me har også kjøpt ein kano som eg gler meg til å ta i bruk, fortel Hansen,

Kunstnar og musikar

For nokre år sidan starta Jonny opp med å måla akvarellar. Han er glad i motiv som er retro, og køyretøy. Spesielt VW bobler.

Rundt om i heimen heng fleire av Jonny sine verk. Dette er ei gåve til Marianne. Vil du sjå meir av kunsten, kan du søka opp Jonnys Art på Facebook.

– Eg har ein draum om å laga til eit atelier der som hønene er, seier Jonny, som også har øvingslokale for bluesbandet West Side Blues i kjellaren.

Marianne sin hobby er hund, og konkurrerer i lydigheit, i alle fall før pandemien. Det er ho som har mest oppsyn med småbruket og dyra på garden, som dei fekk vita namnet på like etter overtakinga.

– Me fekk sjå nokre papir der det stod Heimly gard, seier Marianne, som starta ein instagram-konto med same namn, der ho deler kvardagslege glimt frå livet på småbruket med følgjarane sine.

Landhandel

I huset frå 1940 har det vore butikk, det er framleis detaljar igjen frå den tida, mellom anna ei stor brevsprekk på døra i kjellaren, som dei har tetta igjen for å halda trekken ute.

Dei har fått to bilde av Bua landhandel, mellom anna eitt frå då det kombinerte bustadhuset og butikken var under oppføring, men dei er interesserte i fleire, så dersom nokon har, er dei glade for det.

På Heimly gard kjenner dei seg heime alle som ein.

Powered by Labrador CMS