nyhende
Frå svært mykje snø til svært mykje regn
Eit stormsenter på veg inn i Nordsjøen vil gje mykje vêr kommande døgn. Søndag kveld har Meteorologisk institutt oppgradert til oransje farevarsel for delar av Vestland, Rogaland og Agder fylker.
Stormsenteret, som passerer nordlege Nordsjøen natt til måndag, fører til mildvêr og svært mykje regn frå seint søndag kveld til måndag formiddag.
Det er venta å koma 70 til 80 milimeter regn i løpet av 12 timar, og lokalt kan det koma 60 millimeter på 6 timar natt til måndag. Så mykje nedbør på ein gong vil kunna gi vanskelege køyreforhold, mellom anna på grunn av overvatn og dårleg sikt. Faren for flaum aukar også.
I perioden er det venta regn heilt opp til 800-1000 meter over havet. Regnbygene vil halda fram utover måndagen, og etter kvart vil snøgrensa bli lågare.
Stormsenter betyr også vind, og det kommande døgnet vil det blåsa kraftig. For Sveio melder Yr stiv kuling som middelvind, med liten til full storm i kasta.