Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Frå strikk og syltetøy til bålkos
Laurdag ettermiddag var det fullt liv i det gamle skulehuset på Bua då Bua Kvinne- og familielag inviterte til årets haustmarknad.
Inne i skulehuset var det yrande liv mellom boder med sjølvlaga varer, heimestrikk, julepynt, matvarer, kort og kunst. Lukta av kaffi og nysteikte lappar blanda seg med summinga av folk som helste på kjende, såg på handarbeid og fann små skattar å ta med heim.
Strikkar heile året
Ein av dei trufaste utstillarane var Elin Brügger, som hadde bordet fullt av vakre strikkearbeid, frå sokkar til gensarar, og mor hennar hadde baka dei populære nordlandskakene.
– Eg strikkar heile året med tanke på denne dagen. Det som ikkje blir seld, får bli med på julemessa på Lid, og noko sel eg på Facebook, fortel Brügger.
Ved sida av henne sat dottera Henny, som både hjelpte til og var godt selskap.
Kvedegelé frå Hovdatun
På eit anna bord kunne folk smake på og kjøpe heimelaga syltetøy og gelé frå Dale Huxtable, som opprinneleg kjem frå Canada, men nyleg har flytta til Sveio frå Bergen.
– Eg likar gjenbruk. Alle er brukte på nytt, og etikettane har eg laga sjølv, med namnet Hovdatun, seier ho og peikar på dei mange små glasa.
Ho serverte smaksprøvar av kvedegelé, laga av frukta kvede som liknar på små gule eple.
– Den er litt syrleg, og du kan bruke ho til kjøtretter på same måte som tyttebærsyltetøy, forklarer Dale.
Litt lenger borte stod Ella Solsvik Økland bak salsbordet saman med morfar Nils Otto Solsvik frå Sotra og farmor Inger Skogland frå Sveio.
– Eg har laga desse gryteklutane, seier Ella, og viser stolt fram handtova gryteklutar med små broderte hjarte.
Bålkos med speidarane
Utanfor hadde Bua-speidarane fyrt opp bål og lagt til rette for pinnebrød og bålkos. Det var også varm gløgg å få i koppane og pølse i brød for svoltne magar. Speidargruppa på Bua har kring tretti aktive medlemmar, møtest jamleg til turar og overnattingar, og klubben fyller no 42 år.
– Det er kjekt å vera ute og hjelpe til, seier storspeidar Vilhelm Haugland Lien frå Auklandshamn.
Kvinne- og familielaget
Inne i kafeen gjekk det slag i slag med nysteikte lappar, kaffi og drøs. I år hadde arrangørane valt å kalle arrangementet haustmarknad, sjølv om det tidlegare har vore kjent som julemesse.
– Det er litt for tidleg til jul, så då blei det haustmarknad i år, smiler Astrid Hovda frå kvinne- og familielaget.
Ho fortel at laget også står bak fleire faste arrangement i bygda, som 17. mai-feiringa på Bua og Prestavegturen.
– Me er ikkje så mange medlemmer, men fleire enn snittet på landsbasis. I dag er me litt over 20 aktive medlemmar, og me har det veldig kjekt saman, fortel ho.