nyhende

pål jøsok
Pål W. Jøsok, leiar for kulturavdelinga er nøgd med ombygginga.

Frå skot og presisjon til dans og musikk

Etter at tippemidlar blei tilbakebetalt har det blitt både danserom og musikkrom i Vigdartun.

Publisert Sist oppdatert

Då Vigdartun stod ny i 2007, var det også laga til ein skytebane i 2. etasje i Vigdartun. Den har stått ubrukt sidan Haugesund og Sveio skyttarlag i 2018 kunne flytta inn i eigne lokale på Kalland, like over fylkesgrensa på Søre Våge.

Løyst frå tippemidlar

Sidan den 15 meter lange skytebana var bygd på tippemidlar, var det ikkje fritt fram for bruka rommet til noko anna enn føremålet. Det enda opp med at Sveio kommune i 2020 betalte tilbake heile summen som blei gitt i 2013.

– Sveio kommune har tilbakebetalt 210 000 kroner i spelemidlar i 2020 etter krav frå Fylkeskommunen. Dette då rommet ikkje blei nytta til føremålet heile perioden som det var gitt spelemidlar til, opplyser kommunalsjef Kenneth Tollefsen.

Då dette var ute av verda, kunne det avlange rommet byggjast om.

Endre Hope i drift- og anleggsavdelinga i Sveio kommune var prosjektleiar.

– Det har lenge vore eit ønskje om å endra bruken, det var sett av pengar i 2020. Me hadde ein forenkla anbodsrunde på utføring av ombygging på skyterom, som Engelsen Bygg vann, fortel Hope. Nytt golv, kledning og to vindauge ut mot hallen er av oppgraderingane som er gjort.

Musikkrom

Danserommet har speglar, ballettbarre, høgttalarar og lys, det er om lag 20 elevar som går på dans gjennom kulturskulen. Rommet også kan fungera som ein liten konsertsal.

Danserommet opptar ikkje heile den gamle skytebana, det er også laga eit musikkrom. I hovudsak er det organiserte aktivitetar som kan få benytta seg av romma, slik som drillen og korpset.

Arbeidet som tok til i vår var ferdig før sommarferien.

– Eg er nøgd med resultatet, seier leiar for kulturavdelinga, Pål Jøsok.

MOT-rommet har også oppgradert. Samla har alt ein kostnad på rundt 500 000 kroner. Tilsette i Sveio kommune la også ned eigeninnsats i prosjektet, og sparte derfor litt på det.

Powered by Labrador CMS