nyhende
Frå rekordvarme til hauststorm
I skrivande stund har vêret gått frå ganske fint til regn og aukande vind. Det er berre å sikra lause gjenstandar, sjekka fortøyingar, reinska avløp og finna fram oljehyra. No kjem hauststormen.
I løpet av dagen har Yr.no sendt gult farevarsel om mykje regn i Rogaland og sørlege delar av Vestlandet. I vårt område gjeld varselet både Sunnhordland og Haugalandet. I tillegg er det også varsla fare for torver og mykje lyn.
– Det er eit kraftig lavtrykk som kjem inn og blir liggande stabilt frå i ettermiddag og det komande døgnet. Det er ikkje kraftig nok til å varsla styrtregn, men det vil koma mange og kraftige byger, seier Alexander Skeltved, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Sjekk før torevêret kjem
For få dagar sidan var det rekordvarmt og sommar i september, no byr altså vêret på det som kanskje kan kallast årets første hauststorm. Vinden er aukande, og frå midnatt onsdag er det varsla vindkast opp i 23-24 meter per sekund. Det er liten storm.
– Både i slutten av august og byrjinga av september var det dagar med ganske kraftig vind, men vindretninga no gjer at ein merkar meir til den. Så me kan nok kalla det ein hauststorm, seier Skeltved.
Han oppmodar folk til å vera obs og sjå ekstra til ting som kan vera utsette når det bles og regnar kraftig.
– Men gjer det før det byrjar å tordna. Det kan bli mykje lyn, og då bør ein helst halda seg inne. Og trekka ut stikkontaktar når det står på.
Fin fredag og laurdag
Vinden er meldt å løya litt midt på dagen onsdag. Då dreier den frå sør til nordvestleg retning, for så å auka på igjen ein periode på ettermiddagen og tidleg kveld.
– Det skjer i samband med at lavtrykket flyttar seg nordover. Vinden endrar samstundes retning og vil løya noko utover torsdagen. I beste fall kan det bli ein grei siste del av torsdagen. Fredag og laurdag ser ganske fine ut, før eit nytt lavtrykk med ein del regn kjem i løpet av søndagen, seier Skeltved.
Mykje regn
Men først rikeleg med vatn gjennom heile onsdagen. Resten av tysdagen blir også våt. Frå klokka 14.00 til midnatt i dag kan det koma vel 28 millimeter. Ser me på heile døgnet onsdag, kan det koma nesten 60 millimeter regn om maksprognosane slår til.
Torsdagen blir ikkje så heftig som onsdagen. Regnet vil avta, og det vil koma rundt halvparten så mykje regn som onsdagen om maksprognosane slår til.