nyhende
Frå og med 1. april må hunden i band
Frå og med fredag, 1 april, trer den nasjonale bandtvangen i kraft og vil vare til og med 20. august. Bandtvangen gjeld for alle hundar, uavhengig av rase.
NPK-NTB: Årsaka til regelen er at dyrelivet er ekstra sårbart i bandtvangsperioden då det er yngle- og hekketid.
– Det er lett å tenkje seg at jakthundar kan ha interesse av å søkje opp å jage fuglar og anna vilt. Men sjølv små hundar har eit ibuande jaktinstinkt og kan dermed gjere stor skade på til dømes fuglereir som ligg på bakkenivå, skriv Norsk Kennel Klub i ei pressemelding.
Samtidig kjem klubben med ei oppmoding til kommunane i landet om å vise ansvar og komme hundeeigarar i møte ved å opprette eigne friområde der hundar kan springe utan band.
(©NPK)