nyhende
Frå neste veke kan du velje noregspris på straum
Frå 24. september kan ein velje om ein ønskjer fastpris på straum, såkalla noregspris. Fastprisavtalen blir innført frå 1. oktober.
Førre veke opplyste regjeringa at ein kan velje ordninga frå veke 39. No er sjølve datoen klar – 24. september.
Det opplyser energiminister Terje Aasland (Ap) til VG.
– Folk har behov for føreseielegheit i straumrekninga, og dette har vore drivkrafta bak innføringa av noregspris, seier han.
Noregspris er eit tilbod om fastpris på straum på 40 øre per kilowattime pluss moms. Bindingstida er ut 2026, same kva den marknadsstyrte spotprisen blir.
– Det er lang bindingstid, men det kjem av at straumprisane svingar gjennom året, seier Aasland.
Bindingstida skal hindre at forbrukarane berre nyttar ordninga i vinterhalvåret, når straumen som regel er dyrast, og melder seg ut i sommarhalvåret.
– Målet er å skape stabilitet for både forbrukarar og kraftsystemet, seier Aasland.
Den nye ordninga blir innført frå 1. oktober og er eit frivillig alternativ til dagens straumstøtte.
Avtalen er knytt til bustaden, ikkje person. Dersom ein sel bustaden eller går bort, overtek den nye eigaren avtalen.
Moms og påslag til straumselskap kjem i tillegg. Ordninga gjeld hushald og fritidsbustader, men ikkje næringsliv og offentleg verksemd.
Nivået på noregsprisen skal justerast årleg frå og med 1. januar 2027.