nyhende

Frå koking i garasjen til bryggeri på Lindøy

Dei gode naboane Roar Askeland og Jon Arve Brekken har alltid vore glade i øl. Først og fremst smaken. Men det gjekk mange år frå hobbybrygging blei til Salamander bryggeri.

Publisert Sist oppdatert

At namnet blei Salamander bryggeri, var ikkje sjølvsagt.

— Me ville ha eit namn knytt til Sveio, men utan Sveio i namnet. Me tenkte lenge på kva barnet skulle heita, men var ikkje nøgd med noko av det me kom opp med. Så fortalde Jon Arve om planane våre på jobben. Ein kollega utbraut: Så no skal me drikka salamanderøl frå Sveio. Og der sat namnet, fortel Roar.

Øl i badekaret

Men tilbake til starten. På slutten av 70- talet og tidleg 80-tal var ikkje ølutvalet det store i Noreg. På reiser oppdaga dei nye og spennande smakar, og dei prøvde seg ein gong på å brygga sjølv. Så gjekk det ein del år før dei begynte å laga eige øl på kjøkkenet i 2007. Etter kvart blei dei jaga ut i garasjen.

— Det var ikkje berre på kjøkkenet dei styrte på. Mellom anna blei badekaret tatt i bruk, ler Anne Brekken.

Ho og Inger Askeland har vore støttespelarar heile vegen, og er i dag viktige bidragsytarar til produksjonen på Lindøy. Men med badekaret gjekk altså streken.

Starta firma i 2015

I garasjen i Vågedalen blei det brygga mykje godt øl, men til eige bruk. Med åra blei det stadig kjøpt inn meir utstyr for å betra produksjonen og produkta. Etter kvart vart dei gode naboane og svogerane så gode på å laga øl, at dei fann ut dei kanskje skulle starta firma.

Som sagt så gjort, og 1. august 2015 blei firmaet etablert. Samstundes var Jan Holger Hamre på Lindøy i ferd med å bygga nytt reiskapshus på garden. Han tilbaud dei å setta opp bryggeriet i delar av dette.

— Me såg fort at det arealet det var snakk om ville bli for lite, så det gjekk ikkje lang tid før me tok i bruk større delar av bygget, fortel Roar.

Tusenvis av variantar

Både han og Jon Arve var i full jobb utanom, så bryggeriet var eit kvelds- og helgeprosjekt. Det tar tid å bygga opp eit profesjonelt bryggeri, men på dagen eitt år etter at firmaet vart etablert, 1. august 2016, var dei første ølsortane klare for utsal.

— No kunne me finna dei gode smakane me har jakta på heile tida. Produsert på grunnvatn frå Lindøy. Det einaste me ikkje skulle laga den gongen, var pils. No er det det me lagar mest av, ler Roar.

For pils er mykje meir varierte enn det Roar og Jon Arve kallar industripils. Her ligg ein av hemmelegeheitane i kva malt som blir brukt. Tørka korn er nemleg ikkje berre tørka korn, men tusenvis av variantar. Det same gjeld for humle, gjær og tilsettingsstoff. Kunsten er å setta saman alle ingrediensane til eit øl som både bryggarane og kjøparane likar.

Kortversjonen av ølbrygging

Å brygga ølet tar omlag ein månad. Her får du kortversjonen fortalt av Roar.

— Malten blir knekt i maltmalar og helt i meskekar. Deretter blir det tilsett varmt vatn. Det set i gang ein prosess som gjer stive i kornet om til sukkerstoff. Deretter blir væska silt av kornet og blir kokt i om lag ein time. I koka blir det tilsett humle og eventuelt andre smaksstoff. Deretter blir koka kjølt ned og sett på tank. Her blir gjæren tilsett, og deretter tar det pluss-minus ein månad før neste steg: tilsettting av kolsyre og deretter tapping.

Når du brygger minst 500 liter øl om gongen, skal du vera sikker på at oppskrifta er slik du vil ha den. Salamander bryggeri har sidan oppstarten hatt ein heil del ulike smakar.

Brukar lokale ressursar

— Nokre øl har vore med heile vegen, andre er blitt fasa ut og nye har kome til. Me likar å utvikla øl, og me likar å brukar lokale ressursar. Som Hildegard porsøl. Der er mykje av humla erstatta med pors, som heilt sidan bronsealderen har vore nytta som smakstilsetting i mjød og øl. Porsen er lokalt plukka på Framnes, og me tilset også ein klunk med sjøvatn frå Sletta, seier Roar.

Namnet Hildegard er heller ikkje tilfeldig. I middelalderen var det tyske Hildegard av Bingen som først formidla porsen sine eigenskapar som ølkrydder skiftleg. Ho meinte at øl måtte kokast med blad og frukt frå pors for at drikken skulle verta helsefremmande.

Helse, ja. Eller rettare sagt pandemi. Salamander bryggeri var det første kommersielle bryggeriet i Sunnhordland, og framtida såg lys ut. Sjølv om andre lokale bryggeri kom til og gav meir konkurranse. Så kom korona. Nedstenging og total endring av marknaden. Dei har løyve til sal direkte frå bryggeriet, men det måtte settast på pause. Samstundes blei det mykje meir å gjera i dei faste jobbane.

Blei pensjonist og dagleg leiar

— Me hadde ikkje kunna leva av bryggeriet fram til pandemien. Då den kom, blei situasjonen enno meir utfordrande, og me trappa kraftig ned på brygginga. Ei heilt anna utvikling enn me hadde sett for oss, seier Roar.

Men i fjor endra det seg. Roar blei pensjonist i den faste jobben, og gjekk inn for fullt som dagleg leiar i Salamander bryggeri. Det snudde utviklinga noko, og 2022 blei det første året med plusstal.

— Alt no kan me seia at me får større omsetnad enn i fjor, og alt arbeidet begynner å betala seg. Rike blir me ikkje, men me reknar med å få eit greitt overskot, seier Roar.

Tappedugnad

Men sjølv om han jobbar fulltid for bryggeriet, er det framleis trong for dugnadsarbeid. Mellom anna når ølet skal tappast. Då er Inger og Anne i full sving. Mellom anna med å lasta ned tomme flasker til den halvautomatiske tappemaskina, følga med tappinga og setta fram ferdigtappa flasker til korking.

— Det er automatisk korking på tappemaskina, men det gjekk for sakte. For å kunna halda produksjonen oppe i 300-400 flasker i timen, gjekk me tilbake til manuell korking, fortel Roar medan han korkar og pakkar i kassar i rasande fart.

Den dagen Vestavind er innom er litt spesiell. Neste runde med øl skal nemleg tappast på boks.

— Det er langt meir effektivt enn flasker, fortel Roar.

Klar for polet i Sveio

Til no har alle øl dei produserer halde 4,7 prosent og blir selt i butikk og i utelivsmarknanden. Som ein del av vidareutviklinga av bryggeriet, ser dei no på produksjon av sterkare ølsortar.

— Noko vil gå til utelivsmarknaden, men me siktar oss også inn på Vinmonopolet. Det passar jo bra no som Sveio snart får pol, seier Roar Askeland.

Powered by Labrador CMS