nyhende
Frå i dag er det bålforbod – her er retningslinjene
Me går inn i lysare tider, og er me heldige vert det også varmare dagar med mindre nedbør. Dette ser me fram til, men det er også i denne samanheng viktig å minna om det generelle bålforbodet som trer kraft 15. april, seier Dag Botnen.
Det generelle bålforbodet inntrer 15. april kvart år og er gjeldande for heile landet. Det er ikkje lov å tenna bål i skog og mark, eit forbod som er gjeldande heilt fram til 15. september, opplyser Dag Botnen, brannsjef i Haugaland brann og redning iks.
Lyng- og vernebrenning
På vestlandet er det ein tradisjon i å brenna lyngheier for å halde kystlyngheier i hevd. Forbodet gjeld også for denne brenninga som følgje av ein periode kor dyr, fuglar og insekt skal yngla og sikra oss eit godt mangfald.
Haugaland brann og redning iks har i ei anna melding datert 13.04.21 gitt dispensasjon for å brenna i utmark fram til og med 17.04.2021. Løyvet gjeld kun dei som har søkt om slik brenning, og det må ligga føre ein godkjent plan for gjennomføring.
Bråtebrenning
Bråtebrenning i eigen hage er ikkje omfatta av bålforbodet. Me vil likevel minna om at du som god nabo må ta omsyn til dei rundt deg. Me viser til lokale forskrifter for din kommune.
Grilling og kos
Brannvesenet ser det som viktig at me skal få nyta fine dagar med grilling og kos. Me ber alle om å bruke godt haugalandsvét og sikra at grilling ikkje medfører anna enn varme for pølser, kotelettar og marshmallows.
Hugs:
- Eingongsgrillar må «druknast» i vatn etter bruk og skal ikkje kastast i avfall før all varme er vekke.
- Faste bål- og grillplassar kan nyttast. Desse er merka.
- For sankthans vil det kome eigne retningslinjer som tek omsyn til vêr og vind for 2021.
- Ved særs høg skogbrannfare kan det kome restriksjonar også for grilling.
Krav om å vera aktsam heile året
Uavhengig av retningslinjer er det alltid den som tenner eld som er ansvarleg for dette der forskrifta seier: «einkvar pliktar å vera aktsam ved gjennomføring av aktivitet som kan føra til brann. Det er forbode å gjera opp eld under forhold eller på ein slik måte at dette kan føre til brann. Ein skal ikkje forlate eld før dette er fullstendig sløkt».