nyhende
Frå Hard Rock Café til foodtruck i Valestrand
Naboane trudde mest dei var galne. Innerst inne tvilte dei nok litt sjølv også, for familien Bhargava blei praktisk talt bønder over natta. Snart opnar Dominic Bhargava foodtrucken «The Strand».
Kristine og Dominic Bhargava har budd og jobba i utlandet i ti år. Ho innan undervisning i Dubai og England, ho var også innom som lærar i norsk ved University College of London. Forutan dette har ho også vore heimeverande med dei to barna.
Heime i stova på Ulveraker er bokhylla full av kokebøker. Mat er Dominic, eller Dom, som han helst blir kalla, sin lidenskap. Det handlar om kvalitet og gode lokale råvarer.
Etter å ha studert restaurant og matfag ved Westminister College, har den halvt indiske briten klatra seg oppover i restaurantbransjen, og har hatt mange stader over heile verda som arbeidsplass ved anerkjende restaurantar, som PingPong, Canteen og Outback Steakhouse.
Ønskte endring
Det var eit liv fylt med mykje arbeid, spennande arbeidsplassar og ikkje minst feriereiser til kor dei måtte ønska å dra. Så kom ungane, først Kai (7), han er fødd i London, medan Lilja (5) kom til verda i Berlin.
Siste arbeidsplassen Dom hadde i utlandet var for Hard Rock Café i Berlin, der han var restaurant manager. Han kunne halda fram med same yrke og livsstil og forsørgja familien sin, men å ha ein pappa og ektemann som jobbar 18-timarsskift er ikkje spesielt familievennleg. Dei hadde ein draum, og den skulle til livs i Noreg.
Har slått seg til ro
Dom hadde knapt vore på landsbygda i sitt eige land før han kom til Valestrand i 2019. I alle fall hadde han aldri prøvd å fiska, eller hatt ein hage. Men det var eit småbruk som var draumen, og alt dei hadde når dei kom til bygda, var barnehageplass til Lilja og sjølvsagt skuleplass til Kai, som nett starta i 2. klasse.
Sidan har det berre gått godt. Huset frå 1945 har blitt renovert, Kristine jobbar på Nysæter ungdomsskule på Stord, og dei skotske høylandsfea dei fann på Finn var ikkje så fryktinngytande som dei først mistenkte. Ungane lærte seg norsk på eit blunk og har fått mange gode venner. Sauehunden har fått sauer å passa på, og ikkje minst begynner arbeidsplassen til far i heimen å bli ekte. Dei siste 1,5 åra har familien Bhargava funne seg til rette på Ulveraker i Valestrand.
– Før reiste me mykje over heile verda, men det kan me ikkje no når me har dyr. Og det er eigentleg veldig fint. Me har slått rot, smiler Kristine.
Kontrastar
Miljøendringa har vore stor, ikkje minst for Dom som er oppvaksen i London, som har søkt seg til jobbar innan restaurantbransjen verda over.
– Me ville skifta karriere, vera saman og vera glade. Og gi ungane friheita – det ville vore vanskeleg i ein storby, utfyller Dom, som har drive restaurantar i mange av verdas store byar; Sydney, Dubai, Boston, Berlin og heimbyen London. Det er ikkje til å unngå at kontrasten er stor.
– Eg har aldri budd i eit lite samfunn. Der eg kjem frå vil ein helst unngå folk. Ein vil ikkje kjenna folk, og folk bryr seg ikkje, fortel Dom. Slik er det ikkje i Valestrand.
– Me har blitt så godt mottekne her. Naboane er fantastiske, folk hjelper til og ungane har fått mange venner, seier Kristine, som er oppvaksen i Haugesund.
Språkreise til England
Dei to møttest då 16 år gamle Kristine Skattkjær frå Bleikmyr var på språkreise i Bournemouth, England. Ho brukte av konfirmasjonspengane sine for å reisa, og jammen møtte ho ikkje ein kjekk engelskmann på stranda.
– Me mista kontakten, men takk og lov for sosiale media. 13 år seinare tok eg kontakt, og me møttest igjen for nokre timar i Oslo. Eg hadde fast jobb på Rossabø skole som teiknspråklærar på den tida, men etter ei langhelg i Dubai der Dom jobba, sa eg opp jobben og flytta, smiler Kristine og ler. Etter perioden i utlandet i lag med sin kjære, var familien i Noreg glade for å få dei heim til seg. Og familien til Dom i London, blei ikkje så overraska over valet.
– Besteforeldra mine Kristi og Gunnar Håvardsholm bur no i Førde. Me er på besøk hos dei kvar veke, og ungane har fått eit godt forhold til dei, seier Kristine.
Take-away og catering
No er det ekstra spennande tider på garden som dei har blitt fortalt blir kalla Ekro. Ved låven står ein raud foodtruck, eller matvogn, som det blir på norsk. The Strand Dry Aged Burger er varenamnet, der over 20 års erfaring med restaurantdrift frå heile verda skal bli til smakfulle og spennande burgarar med lokale råvarar der det er mogleg.
Mykje smak og spennande tilbehør blir nøkkelord. I menyen står ingrediensar som bacon jam, chimi-churri saus, kandisert bacon, chipotle saus og bone marrow aioli.
– Me tenker å bruka lokale råvarar så langt det er mogleg, fortel paret. Både burgarbrødet og honningen kjem frå Stord.
Den unike smaken av sjølve burgaren kjem av at delar av kjøtet har vore i eit modningsskap i 45 dagar. Det meste er tilrettelagt, og tanken er at vogna skal stå ved garden deira ved E39, og ha ope ein eller to faste dagar i veka. Dei tenkjer også å stilla seg opp på stader mellom Stord og Haugesund.
I helga er det duka for generalprøve, slik at folk i bygda kan bestilla Strand-burger for første gong. Medan dei ventar på serveringsløyve, vil maten bli levert på døra.