nyhende

Bandtvangen gjeld for at hund ikkje kan jaga bufe, som lam og sauer, fjørfe, hest eller vilt.
Bandtvangen gjeld for at hund ikkje kan jaga bufe, som lam og sauer, fjørfe, hest eller vilt.

Frå 1. april er det bandtvang for hund

Den ordinære, landsdekkande bandtvangen gjeld frå 1. april til 20. august. I Sveio er det utvida bandtvang til 15. oktober.

Publisert Sist oppdatert

Bandtvangen betyr at alle hundar skal haldast i band eller vera forsvarleg innestengt eller inngjerda i denne perioden. Ei rekke kommunar har utvida bandtvang ut over den nasjonale bandtvangen. Det er ofte kommunar med mykje beitedyr, og Sveio er ein av desse.

I forskrifta for Sveio kommune står det mellom anna at bandtvangen gjeld for at hund ikkje kan jaga bufe, fjørfe, hest eller vilt, herunder viltet sitt egg, reir eller bu. Hund skal også haldast i band på inngjerda område kor det beitar bufe.

På Sveio kommune si nettside skriv landbruksforvaltninga at dei innimellom dessverre får melding om at hund har jaga bufe på beite. Det har ført til både tap av sau og lam, og stressa beitedyr.

«Hundeeigar har eit stort ansvar for hundehaldet sitt. Ein forventar at ein forheld seg til lovar og reglar rundt hundehaldet. Ein bufeeigar skal ikkje oppleva at dyra blir råka av at hund(ar) jagar bufe», skriv dei.

Brot på forskrifta kan straffast, og du kan lesa heile forskrifta om hundehald i Sveio kommune her.

Powered by Labrador CMS