nyhende
Fotball og fontener i Sveio i 50-åra
England til Sveio?
På 1800- og 1900-talet rulla store endringar over Europa og Noreg; med industrialisering, sentralisering og urbanisering, maskinar og teknikk som resultat. Gjennombrotet for denne utviklinga her til lands var i perioden 1905-1920.
Eit resultat av dette var lovfesta 8-timars dag; åtte timar søvn, 8 timar arbeid og 8 timar fritid. Kva skulle unge gutar og menn fylla fritida med? Fotball var svaret for mange. England blei fotballens fødeland; ball og bane, dommar og fløyte, straffe og offside! Alt kom frå England! Og sjøfolk frå Haugalandet tok nyhendet med seg heim.
Også til ei lita grisgrendt bygd utanfor byen? Eg ser stort på det og påstår at engelsk fotballkultur kom til skuleplassen i Sveio, som låg ved Tjernagelvegen og Klokkarbrekkå. Der var ballen og beina i rørsle; vi spelte fotball som berre det. Og det balla stadig på seg. Fotballen smitta, men det var ingen pandemi, fotballsmitten gav glede og rikdom til bygda.
Målrike kampar
Eg trur vi byrja å spela fotball tidleg på 50-talet. Banen utanfor skulehuset var ikkje førsteklasses, det var grusbane, han var ikkje like brei oppe og nede, for det tredje halla han, slik at ballen trilla mykje raskare i unnabakke enn i motbakke. Dette fekk som resultat at spelet føregjekk mest på den nedre delen. Vi starta med eit «lag» og var svært sjenerøse; unge og eldre kunne bli med, han Rolf kom då, så kom han Oskar Arne, så måtte han Harald gå, han Leif kom; innbyttarar og utbyttarar kom og gjekk som dei ville.
Dermed endra styrkeforholdet seg i laga og måla blei mange, t.d. 19-17, som snart kunne snu til 23-24. Publikumsvennleg med andre ord.
Men «tribunen» var tom. Sveibuen forstod ikkje si besøkstid. Dommar med fløyte hadde vi ikkje, her låg vi etter England. Heller ikkje VAR (videodømming), forståeleg nok, vi gutane hadde ennå ikkje peiling på kva fjernsyn var. Men vi tok ofte ein krangel, særleg når det var snakk om straffespark og offside. Alle, det vil seia ingen, visste kva dette var. Då måtte han Reidar Lier inn og dempa gemyttane før det blei slagsmål. Han Reidar var 10-12 år eldre enn dei fleste av oss og var som ein god storebror og jovial ordførar.
Vi måtte ha ny bane! Løysinga låg like ved banen. Vi flytta over til grasbanen på andre sida av vegen, mellom Frønsdalsjordet og vegen opp til Gamleheimen, som vi sa den gong. Det var ei lykke at vi kom til ei graskledd løkke. Kven lykkesmeden var, veit ikkje eg, men det skulle ikkje forundra meg om det var han Reidar som hadde ordna det. Han blei formann i banenemnda i Sveio I.L.
Frå grus til gras og springfontener
Heller ikkje denne grasbanen var flat og rektangulær, noko som baud på nye utfordringar. Særleg venstre kant opp mot gamleheimen var lumsk. Her var det motbakke, tuver og tre.
Men glupingar forstod at ein kunne sparka ballen mot eit tre, så fekk ein kanskje ei målgivande pasning i retur. Takk for det! Om banen ikkje var vassrett, så var han til tider svært vassrik, ja reine våtmarka, særleg ned mot Frønsdalsjordet. Derfor var det få eller ingen som ville spela på venstre kant. Men han Reidar tok det på seg.
Eg ser det for meg ennå; han fekk ballen på kanten og forserte i stor fart inn mot mål, med det resultat at vatnet spruta som ei bogeforma, høgtflygande vassfontene. Det var eit syn i seg sjølv. Det var ikkje springfontener i Sveio på den tida, det var slikt som fanst i Roma. Skåra han Reidar mål? Til tider gjorde han det. Men det var vanskeleg, særleg når superkeeperen Hjalmar Bjelland stod i mål.
Som sagt ikkje ei super matte, men det var mykje betre enn grus. På denne tida trur eg også formasjonane gjorde sitt inntog i hovudet vårt; vi skilde mellom forsvar, midtbane og angrep. Og eit skikkeleg lag skulle ha to backar, senterhalf med to sidehalfar og heile fem i angrep (2-3-5).
Personleg likte eg å spela ytre høgre; derfor studerte eg førebiletet Jan Hessen i Vard nøye. Generelt lærte vi mykje av fotballen i Haugesund. Jamvel i gymsalen i skulen. Fredag den 14. mars 1958 byrja vi med innandørstrening leia av John Åmbø, ein tidlegare haugesundar og Vard-spelar, som hadde busett seg i Sveio. Kvar onsdag i gymsalen lærte vi triksing, teknikk og teori. Kven som hadde fiksa han John? Eg tenkjer du veit svaret!
Sveio mot Førde, jfr. FKH mot Viking
Apropos Haugesund. Der fekk fotballen sitt gjennombrot før, under og etter første verdskrigen (1914-18). Også der var det gutar og løkkefotballen som dominerte. Den store løkka var «Søra Markå», der rådhusplassen i dag ligg. Gutane og nokre unge menn var utålmodige; dei starta tre fotball-klubbar, Haugesunds Fodboldklub (1912-18), Vard (1916) og Djerv 1919. Dei første løkkene i Haugesund hadde mange av dei same skavankane som i Sveio, men der fekk dei etter kvart nye og betre banar.
Haugesund-fotballen påverka Sveio-fotballen sterkt. Mange gonger sykla vi gutane til by’n og gjekk på kamp. Vi tråkka gjennom Vågedalen, forbi Ekrene og seinare over Saltveite-myrane, til krampa eller naseblodet tok oss. Men den 15. mai (1958) var eg heldig, då fekk eg sitja bakpå motorsykkelen til han Reidar Lier, vi kjørte til by’n for å sjå Djerv 1919 mot Ulf Sandnes (1-3). Då vi kom heimatt var vi dassvåte! Men kva gjorde det, snart var det 17. mai.
Eit fotball-lag kan ikkje eksistera utan kampar. Med nye skular følgde store skuleplassar. Vi spelte kampar mot Bua, Vandaskog, Vikse, Bråtveit og Førde. Mest spenning og prestisje var knytta til kampane mot erkefienden Førde, jfr kommune-samanslåinga i 1964.
Siger over Førde var det største som fanst. Særleg på bortebane. Det var den tids Viking-FKH-oppgjer. I 1958 spelte vi heile tre kampar mot dei, to tapte vi 4-2 og 6-2, ein vann vi 5-2. Den fjerde kampen denne sommaren var mot Vikse, som vi vann 4-3. Vi toppa altså ikkje tabellen, men vi lærte å tapa. Generelt lærte fotballen oss noko livsviktig; kampen er ein «tekst» som vi måtte lesa, vi måtte reflektera over forholdet mellom individet og fellesskapet, eigne og andres ferdigheiter og mellom stillstand og framgang.
Vassfri fontene!
Sveio-fotballen kunne ikkje vara evig. Fådelt skule annankvar dag var ikkje rare bagasjen; eg måtte bort frå Sveio og skaffa meg utdanning. Men i Sveio skjedde det saker og ting. Ein gong eg kom heim fekk eg sjokk. Fotballbanen vår var forvandla; han var blitt flat, svært stor, utan våtmark og med skikkelege mål.
Banen var ferdig i 1967. Reine fotballparadiset i Sveio. Tenkte eg. Men eg følgde ikkje med i tida. Det var jo grusbane. Fleire år seinare hoppa eg i stolen då eg las i Aviså at FKH, favorittlaget mitt, skulle spela treningskamp på Sveio stadion! Kampen fekk eg ikkje sett, men eg heldt på å dåna då eg såg den nye grasbanen for første gong. Og sist sommar såg eg eit «hav» av større og mindre banar: Spelte alle i storkommunen Sveio fotball nå? Sveio var med i Fotballforbundet og spelte i divisjonar! Og fotballaget hadde leverte spelarar til FKH. I skrivande stund lurar eg ennå på om eg hadde ei sterk synsforstyrring då eg såg det.
Det var ikkje så mykje aktivitet i idrettslaget dei første 5-8 åra les eg. Men vi som spelte der følte at det var stor aktivitet i denne tida. Vi skapte ein fotballtradisjon som stadig utvikla seg vidare. Personleg er eg glad for at eg fekk denne altoppslukande, livslange aktiviteten og interessa innabords.
Ennå gleder eg meg til FKH-kampane og følgjer med. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Den mobile, vass-sprutande springfontena gjorde nok at han Reidar og saman med Svanhild innsåg at Sveio fortente ei varig fontene, eit stort permanent idrettsanlegg. Dei to fortente ein ærespris.
Kåre Johannes Glette