nyhende

Lovar fire kilometer ny asfalt til Tjernagelvegen i sommar:

Fortvila over store skadar på vegdekket

Denne vinteren, med mykje snø og lange kuldeperiodar, har gått hardt ut over eit allereie nedslite asfaltdekke på fylkes- og kommunevegane. No kjem drifts- og vedlikehaldsleiar Mariann Kråkenes Jørgensen i Vestland med ei kraftig åtvaring til politikarane.

Publisert Sist oppdatert

– Situasjonen er fortvila og blir berre verre ettersom tida går og me får ansvaret for endå fleire vegstrekningar. Me får altfor lite penger til drift og vedlikehald, seier Kråkenes Jørgensen.

Ho forstår at mange sveibuar er sinte og frustrerte over situasjonen. Kråkenes Jørgensen har driftsansvaret for den sørlege delen av Vestland fylke, og er klar over at det er store behov mellom anna i Sveio.

Lovar asfalt på Tjernagelvegen

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) er samd med Kråkenes Jørgensen når det gjeld skadane på vegnettet denne vinteren, men sparkar spørsmålet om auka løyvingar vidare til Stortinget og regjeringa.

– Vestland og Nordland er dei fylkeskommunane med størst etterslep når det gjeld vedlikehald på fylkesvegar. Dette minner me stadig sentrale politikarar om, men det er svært vanskeleg å få gjennomslag. Regjeringa har rett nok lova eit løft for fylkesvegane, men me veit ikkje når det kjem, seier Askeland.

I samband med valkampen i fjor haust inviterte KrF-politikar Jarle Jacobsen fylkesordføraren med på motorsykkeltur gjennom Sveio for å visa tilstanden på vegane. Askeland hugsar turen og opplegget rundt med glede, og har stor forståing for at mange sveibuar er utålmodige. Samstundes har han i det minste eitt godt nyhende. Asfalteringsprogrammet for komande sommarsesong inkluderer asfaltering av ei strekning på fire kilometer på Tjernagelvegen frå Tjernagel og sørover.

Rosar reguleringsvedtak

– I tillegg blir det ein del reparasjonsasfaltering rundt om i fylket, men kor det blir er ikkje opp til oss politikarar å bestemma, seier han.

Eit anna tema som var oppe då Askeland var «eksosrype» i fjor, var den nye Tjernagelvegen på strekninga Krossleite-Grimstveit. Fylkesordføraren gir no kollektiv ros til kommunepolitikarane i Sveio fordi dei tok utfordringa hans og vedtok den omstridde reguleringsplanen i løpet av hausten.

Ein av dei utålmodige sveibuane som reagerer på det manglande vegvedlikehaldet, er Per Thore Dyngen. Nyleg publiserte han eit bilde av eit stort hol i Ålfjordvegen ved Selsås. Oppi gropa var det plassert ei grein med ein plastpose i toppen, sikkert for å åtvara vegfarande. Dyngen fekk assosiasjonar til eit dykkarflagg.

– Er det Vegvesenet som dykkar for å finna ut om hola er djup nok til at dei må gjera noko med den?, var den galgenhumoristiske kommentaren hans på Facebook.

Det må ha blitt lagt merke til, for få dagar seinare blei holet fylt igjen, fortel Dyngen, som meiner forfallet på vegnettet er svært alvorleg.

– Livsfarleg for syklistar

Sjølv er han ein ivrig syklist. Han køyrer også motorsykkel, og seier sprekker og holer i vegen er særleg farlege for tohjulingar.

– Eg har lagt merke til at det er gravd grøfter, for eksempel langs Ålfjordvegen ved Framnes. Det fører til at vegen sig ut til sidene fordi det ikkje lenger er støtte. Sprekkene som då oppstår i vegdekket er opp til to tommar breie. Får ein syklist hjulet ned i ei slik sprekk, kan det gå skikkeleg ille, seier Dyngen, som har lagt merke til at det no også er fleire store hol på Fv. 47, den mest trafkkerte fylkesvegen gjennom Sveio.

Store skader

Ein annen fylkesveg med stor trafikk er Tjernagelvegen frå Krossleite til Bua. For få dagar sidan kjørte Vestavind denne vegen som del av ein rundtur for å observera tilstanden på ein del av vegnettet. På Tjernagelvegen kunne me sjå store hol i vegen fleire stader langs Åsevatnet.

Litt lengre vest, på Nordskog midt i krysset med vegen til Eltravåg, var ei stor grop, 10-15 centimeter djup og 30-40 centimeter i diameter. Også på Grimstveit var det store slaghol.

Øklandsvegen har særskilt mange skadar på asfaltdekket mellom Rød og Fagerlandkrysset, og sprekker og hol langs heile strekninga. Ved Sætre er ei stor grop nyleg fylt igjen, men få meter lengre nord er det fleire større og mindre hol.

Kald asfalt

Turen vår gjekk også frå Bjelland til Kvalvåg og vidare nordover Ålfjordvegen til Førde. På Kvalvågvegen observerte me fleire store groper ved Bråtveit. Langs heile Ålfjordvegen er asfaltdekket fullt av sprekker som kan ha samanheng med sviktande grunn.

– Ja, det er eit stort problem med mange hol og sprekker. Om vinteren er også asfaltverka stengde, så entreprenøren vår har ikkje andre alternativ enn å køyra rundt og fylla i hola med kald asfalt, seier Kråkenes Jørgensen.

Powered by Labrador CMS