nyhende

Ho er van med å snakka til skjermen og sine følgjarar på Instagram, men å vera på TV blir ei ny erfaring for openhjartige Bente Linn Dirdal frå Sveio.
Ho er van med å snakka til skjermen og sine følgjarar på Instagram, men å vera på TV blir ei ny erfaring for openhjartige Bente Linn Dirdal frå Sveio.

Fortel om økonomisk krise på TV

Onsdag kjem Bente Linn Dirdal på TV-skjermen. Ho og mannen er inviterte til å vera med i TV2 sitt program God Morgen Norge, for å fortelja om den positive framgangen dei har hatt, med utgangspunkt i ein vrien gjeldssituasjon.

Publisert Sist oppdatert

– Endeleg ringte dei til meg, skreiv Bente Linn Dirdal på Instagram-kontoen sin i føremiddag, der ho dagleg deler tips og råd om korleis familien får mest ut av pengane sine. Publikummet er på 6900 brukarar. Det starta med sparetips, og litt etter litt fekk følgjarane vita kva som låg bak motivasjonen for å spara.

Økonomisk krise

@bente_linn_sparetips har 31-åringen fortalt at familien for rundt 2 år sidan stod i ei djup, økonomisk krise, etter at mannen, som blei ståande utan arbeid ei tid, likevel klarte å bidra med pengar.

Det han ikkje fortalde, var at han tok opp lån. Då Bente Linn fekk vita om dette, var gjelda på over 600.000 kroner. Mannen hadde skjult gjelda i beste meining, men på eit tidspunkt mista han kontrollen. Inkassovarsel kom og Namsmannen gjorde seg til kjenne, og familiefaren blei redd for å mista sine næraste. Då bobla sprakk, blei livet snudd opp-ned på få sekund.

Openheit

Bente Linn forklarer at ho valde å akseptera situasjonen, og sjå framover, sjølv om det har medført mykje smerte og usikkerheit, men som ho igjen har lært mykje av.

– Ved hjelp av ekteskapsrådgjevar fekk me mykje hjelp, dei hjalp oss til å sjå kvarandre på ein heilt annan måte, skriv Bente Linn på Instagram.

No har familien med strame prioriteringar betalt ned mykje av gjelda, på same tid som det blir sett av pengar til sparing.

Målet til Bente Linn, som jobbar på Coop Extra, er å setja fokus på openheit rundt tabuet rundt privat økonomi og gjeld. Ho er stolt over å kunne motivera og engasjera andre til å ta tak.

Vil inspirera

Å snakka om dette på TV har for ho vore ein draum, men for mannen har ikkje trongen vore så stor.

–  Eg har overtalt han til å vera med, slik at me saman kan inspirera andre, seier sveibuen, som kan leggja til at mannen er i hundre prosent arbeid no.

– Me skal snakka om kor positiv framgang me har hatt i gjeldssituasjonen vår. Tabuet rundt privat økonomi og gjeld er alt for stort, det er ei skam for dei fleste. Eg vil inspirera andre til å tenka over sin økonomiske situasjon, slik at folk kan unngå å havna i gjeldskrise. Og er du i ei gjeldskrise no, ta tak – det er mange som vil hjelpa, uansett kor sårt og skamfullt det er, oppmodar Bente Linn til Vestavind.

Powered by Labrador CMS