nyhende

Forsvaret omprioriterer deler av sin planlagte aktivitet, ifølgje forsvarssjef Eirik Kristoffersen. Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK
Forsvaret omprioriterer deler av sin planlagte aktivitet, ifølgje forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Forsvaret skjerpar beredskapen

Forsvaret omprioriterer delar av dei planlagde aktivitetane sine for å styrkje beredskap, operativ evne og uthald, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Publisert Sist oppdatert
Forsvaret skjerpar beredskapen frå og med tysdag. Bakgrunnen er krigen i Ukraina og den tryggingspolitiske situasjonen han har ført til i Europa.

– Vi står i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen på fleire tiår. Det er ingen indikasjonar på at Russland vil utvide krigføringa si til andre land, men den auka spenninga gjer at vi er meir utsett for både truslar, etterretning og påverknad. Det gjer det nødvendig for alle Nato-land å vere meir på vakt, også Noreg, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

Regjeringa styrkte beredskapen allereie før krigen braut ut og har sidan styrkt den ei rekkje gonger. Forsvaret har dei siste vekene auka nærværet og patruljeringa rundt kritisk infrastruktur i Nordsjøen. Heimevernet vil halde fram med å verne kritisk infrastruktur på land som bistand til politiet, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

– Ingen direkte trussel mot Noreg

Støre seier at det er ingen grunn til å tru at Russland vil ønskje å invadere Noreg eller eit anna land direkte. Beredskapshevinga er ikkje eit svar på ein konkret militær trussel, understrekar statsministeren.

– Vi gjer dette for å sikre Noreg god beredskap og handlekraft i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen vi har opplevd på fleire tiår, sa Støre.

– Vår viktigaste oppgåve er å sikre Noreg og alle som bur her. Vi gjer det som er nødvendig for å bevare tryggleiken i landet vårt, la han til.

Han presiserer at det ikkje har skjedd noko det siste døgnet eller dagane som gjer at ein trappar opp dette akkurat no, men at det er ei utvikling over tid som gjer at ein går til dette steget.

Samtidig understreka statsministeren at trusselsituasjonen er alvorleg. Han peika mellom anna på droneobservasjonar og eksplosjonane ved gassrøyrleidningane i Austersjøen.

Ny fase, nye tiltak

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og forsvarssjef Eirik Kristoffersen var også til stades under pressekonferansen.

– Dei oppgåvene som varetek beredskapen her og no, vil prioriterast. Det er ikkje alt som blir gjort som synest, og det er ikkje alt vi kan snakke ope om, sa Gram.

– Forsvaret har god oversikt over situasjonen, og vi set no Forsvaret i stand til å stå i situasjonen over tid, sa han vidare.

Tiltaka som blir styrkte, vil vere innan logistikk, kommunikasjon og sikring. Forsvarsministeren legg til at Forsvarets aktivitet vil bli justert framover, både for å spisse aktiviteten mot dei oppgåvene som varetek beredskapen her og no, og for å sikre Forsvarets uthald.

– Vi må planleggje for at situasjonen bli langvarig. Vi set no Forsvaret i stand til å stå i situasjonen over tid, seier Gram.

Bevare fred og tryggleik

Forsvaret omprioriterer delar av dei planlagde aktivitetane sine for å styrkje beredskap, operativ evne og uthald, opplyser forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Han seier at Forsvarets aller viktigaste oppgåve er å bevare freden og tryggleiken vår, og å hindre konflikt.

– For å løyse denne oppgåva må vi tilpasse aktiviteten vår etter situasjonen vi til kvar tid står i. Det gjer vi no gjennom å omprioritere delar av dei planlagde aktivitetane våre for å styrkje beredskapen vår, vår operative evne og uthaldet vårt, seier Kristoffersen.

Forsvaret varetek tryggleiken i nærområda våre saman med forbundsfellane våre. Allierte bidreg mellom anna med patruljering i Nordsjøen.

Det blir auka aktivitet på nokre felt, som til dømes maritim overvaking. Forsvaret varetek tryggleiken i nærområda våre saman med forbundsfellane våre. Allierte bidreg mellom anna med patruljering i Nordsjøen.

Samtidig blir det mindre aktivitet på andre område som ikkje er direkte relevante for dagens utfordringar med samansette truslar.

(@NPK)

Powered by Labrador CMS