nyhende

Det skal ha blitt observert ein drone ved prosessanlegget Kårstø i Tysvær kommune torsdag kveld. Foto: Carina Johansen / NTB / NPK
Det skal ha blitt observert ein drone ved prosessanlegget Kårstø i Tysvær kommune torsdag kveld.

Forsvaret skal ha sett drone ved Kårstø

Væpna politi rykte ut etter ein mogleg observasjon av ein drone i nærleiken av prosessanlegget Kårstø i Tysvær kommune torsdag.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Stavanger Aftenblad omtalte saka først. Politiet fekk melding om hendinga klokka 21.30 torsdag.

– Med tanke på tryggingssituasjonen som er i Europa no, og at dette er eit gassanlegg som har ei sentral rolle i Europas energiforsyning, så er det naturleg at vi tek slike observasjonar på alvor, fortel operasjonsleiar Sørvest politidistrikt Victor Fenne-Jensen til NRK.

Fenne-Jensen seier til NRK at politiet trur dronen vart styrt frå Rennesøy, som ligg på den andre sida av Boknafjorden.

Han opplyste tidlegare til Aftenbladet at køyretøy blir kontrollert på staden. TV 2 skriv at det var personellet til forsvaret på anlegget som først skal ha observert dronen, og kanalen fekk opplyst at det var store ressursar på staden.

Det er ikkje gjort beslag av nokon drone, og ingen er arresterte i saka.

Mykje som tyder på at det er drone

– Viss det viser seg at dette er droneflyging, kan det dreie seg om alt frå ein privatperson til framande makter. Derfor er politiet væpna, sa Fenne-Jensen.

Klokka 1.30 opplyste innsatsleiar Fritz Arne Lilleskog til TV 2 at politiet var ferdig med den operative innsatsen på staden, men at arbeidet med etterforsking og etterretning held fram.

Rundt ein time seinare sa Fenne-Jensen til Dagbladet at mistanken om droneaktivitet har vorte styrkt.

– Når vi ser samanhengen mellom opplysningar vi har fått gjennom natta, så er det fleire ting som tyder på at der var ein drone. Men vi veit framleis ikkje kven som står bak, sa han.

Vidare sa han at politiet har fått «indikasjonar» rundt korleis den påståtte dronen såg ut, og kor stor han var, men ville ikkje kommentere dette.

Blir vakta av Heimevernet

Anlegget er eitt av fleire der Heimevernet hjelper politiet med vakthald. Tiltaket er innført etter lekkasjane på Nord Stream-kablane og observasjon av ei rekkje dronar den siste tida.

Tysvær kommune ligg i nærleiken av Haugesund. Kårstø er Europas største gassprosessanlegg, og det er viktig i transport og behandling av gass og lettolje frå norsk sokkel.

Det blir eksportert gass gjennom røyrleidningen Europipe II til Dornum og gjennom transportsystema Statpipe og Norpipe til Emden. Begge byar ligg i Nord-Tyskland.

(©NPK)

Heimevernet hjelper politiet med forsterka vakthald ved anlegget.
Powered by Labrador CMS