nyhende

ekstraordinært møte i HOK 151220 skulestrukturskulebruksplan
I desember hadde HOK, referansegruppa for skulebruksplanen eit ekstraordinært møte.

Første møtet i skulesaka blir digitalt for publikum

Publisert Sist oppdatert

Måndag får politikarane i hovudutval for oppvekst og kultur saka om skulebruksplan til behandling. I framlegget til vedtak, står det at Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter avdeling skule blir slegne saman med Førde skule med skulestad i Førde med verknad frå skuleåret 2021/2022.

Fredag blei det kjent at politikarane skal møta i kommunestyresalen, dei som vil følgja møtet, må gjera det digitalt. Møtestart er klokka 17.00. Det gjeld også dei to andre hovudutvala som har møte denne veka.

Markering kan gå an

Dette er vurderinga til Sveio kommune, som har lagt ut ei direktelenke til møtet på nettstaden sin:

Det er for tida relativt lågt smittetrykk, og det blir derfor gjennomført fysiske møte i hovudutvala. Det er fleire viktige saker på agendaen, og ein ønsker å sikra ei god behandling av desse.

Men det er avgrensa med plass i tilgjengelege møtelokale, slik at det er utfordrande å legga til rette for godt smittevern for store mengder publikum. For å sikra omsynet til smittevern, samstundes som at alle skal få same moglegheit til å følga behandlinga i hovudutvala, har ordførar og rådmann – i samråd med kommuneoverlegen – fatta avgjerd om å ikkje tillata fysisk publikum no. Men alle vil få moglegheit til å følga møta digitalt.

Markeringar utanfor kommunehuset kan gjennomførast utan avgrensingar, men me minner om å halda avstand mellom kohortar.

Hovudutval, oppvekst og kultur
Ap Asle Georg Halleraker Leiar
Uavhengig Stian Nygård Nestleiar
Ap Ingrid Pedersen Furdal
FrP Sølvi Margrethe Vesterheim
H John Kristian Økland
MDG Leif Sverre Haga
Sp Beathe Susanne Haugland
Powered by Labrador CMS