nyhende
– Forstår at freden ikkje har kome gratis
– Eg er veldig oppteken av at fridommen ikkje har kome gratis, sa 18 år gamle Wah Wah Thay Wake Tha då ho fredag heldt tale og la ned kransar ved dei to krigsminnesmerka i Førde.
75-årsjubileet for fredsdagen 8. mai 1945 blei markert med talar og kransenedlegging ved alle krigsmonumenta i Sveio. Stort sett skjedde det utan publikum til stades.
Berre i ordførar Linn Therese Erve si heimbygd, på Framnes kyrkjegard, var det møtt fram eit 20-tal personar. Her var det også ordføraren som heldt tale.
Alle stadene blei markeringane filma for presentasjon på kommunen si nettside.
Samanlikna med eigen bakgrunn
I Førde var det altså unge Wake Tha som heldt tale og la ned kransar både ved minnesmerket over dei falne og ved minnesmerket over dei to motstandsmennene Ragnvald Bjørke og Lars Håvardsholm. Ho er svært stolt over å bli spurt om å gjera dette.
– Det har vore svært interessant å lesa meg opp på historia om krigen her. Eg skjønar at det må ha vore vanskeleg under krigen seier Wake Tha, og drar også parallellar til sin eigen familie si historie.
Foreldra hennar måtte flykta frå Burma (Myanmar) og ofra svært mykje for dette, slik ho uttrykkjer det. Sjølv er ho fødd i ein flyktningleir i Thailand.
– Kjenner oss norske
Familien kom til Noreg og Førde då ho var seks år gammal. Nå går ho i første klasse på Vardafjell videregående skole i Haugesund.
– Eg og søskena mine har vakse opp her og kjenner oss norske. Dette er landet vårt. Me kan ikkje tenkja oss å flytta til Burma sjølv om me sjølvsagt saknar familien der. Med foreldra våre er det litt delt. Mamma elskar Noreg. Ho trivst svært godt her og kan ikkje tenkja seg å bu nokon annan stad. Pappa, derimot, lengtar mykje tilbake til landet sitt.
I 2018 drog familien for første gong på besøk til Burma. Det var første gong Wake Tha fekk møta søskenbarn, mormor og farmor og resten av familien.
– Eg drøymer om å utdanna meg til eit internasjonalt arbeid der eg kan hjelpa flyktningar, seier Wake Tha til Vestavind etter talen.
– Utruleg takksam
Ved minnestøtta i Auklandshamn var det varaordførar Ruth Eriksen som heldt tale. Ho heidra dei tre unge sjømennene som har namna sine på denne steinen, men også dei som overlevde og kom heim igjen etter fem års krigsinnsats.
Lars Eikehaugen delte eigne krigsminne då han heldt talen ved monumentet i Sveio sentrum.
– Ingen som ikkje har opplevd 8. mai 1945 kan forstå kor letta og glade me var den dagen, sa Eikehaugen mellom anna.
Linn Therese Erve greip fatt i dette då ho heldt tale ved minnesteinen over to falne krigsseglarar på Framnes kyrkjegard. Erve la stor vekt på kor takksam ho er for den fridommen og freden som etterkrigstida sine generasjonar har fått oppleva.
Ho takka dei som gav livet sitt for denne fridommen, og nemnde også innsatsen til dei som har deltatt i internasjonale fredsoperasjonar etter krigen.
Talen til Linn Therese Erve kan du sjå i sin heilhet i videoen under.