nyhende

Så langt har Kong Vinter bydd på lite snø og mest frost. Fredag kan det endra seg. Foto: Susanne Lie Vallestad
Så langt har Kong Vinter bydd på lite snø og mest frost. Fredag kan det endra seg.

Først blir det bikkjekaldt, så snø og deretter ti plussgrader langs kysten

Meteorologane lovar lågtrykk nok til alle til helga, men før det må vi hutre oss gjennom eit par ganske kalde dagar. I Sveio stig temperaturen 15 grader i løpet av to dagar.

Vi startar i Sør-Noreg, som blir sterkt påverka av eit lågtrykk som eigentleg ikkje er vårt.

– Det blir kaldt på grunn av eit lågtrykk som er på veg over Finland, og som dreg kald luft frå Russland ned over Noreg og Sverige, fortel vakthavande statsmeteorolog Sigrid Auganæs til NTB.

I fjellet fører denne kalde lufta frå Russland til temperaturar rundt minus 16–17. I låglandet på Austlandet rundt sju minus, og nesten like kaldt i byane kysten rundt. Til dømes kan Kristiansand få minus fem og Bergen minus seks grader.

15 grader forskjell

I Sveio ser det ut til å bli 15 grader forskjell frå fredag til søndag. Først torsdag. Då er det meldt 5-6 minusgrader på det kaldaste, og det kan kanskje koma litt snø.

Fredag blir den kaldaste dagen med temperaturar ned mot -7. Fredag ettermiddag og kveld er det rimeleg stor sjanse for at det kjem snø, men meldinga varierer frå 0 til vel 10 mm nedbør. Tommelfingerreglene er at 1 mm nedbør = 1 cm nysnø.

Laurdag kryp temperaturen over på plusssida igjen, og det er meldt 2 grader heile døgnet. Søndag er det tilbake til normalt vestlandsvêr igjen, altså regn. Temperaturen stig, og kan koma opp i 8 grader.

Der ser det ut til at temperaturen også vil ligga måndag og tysdag, før den fell frå onsdagen.

Ti plussgrader

– Det ser førebels ikkje ut som at det kjem så mykje nedbør i første omgang, men på slutten av helga er det eit litt større lågtrykk som kjem inn. Då går temperaturen opp igjen og byar langs kysten kan få temperaturar opp mot ti grader. I Innlandet får Lillehammer pluss fire grader.

Lågtrykk har ein front som fører med seg ganske mykje nedbør, og det kan komme mykje snø i fjellet, seier meteorologen.

– Viss ein har tenkt seg over fjellovergangar i Sør-Noreg på søndag, så tilrår eg at ein følgjer med. Nedbøren passerer i løpet av måndagen, men noko nedbør vil henge igjen frå kysten frå Østfold til Vestland, seier ho.

Nord-Noreg får besøk

Nord-Noreg får Finlands-lågtrykket på besøk frå seint torsdag og fredag.

– Det blir litt varmare når det passerer, så det kan bli ei blanding av snø og sludd. I Finnmark blir det ein god del vind samtidig, seier Auganæs.

Dei unormalt høge temperaturane opp mot ti grader spreier seg ikkje nordover, ifølgje meteorologen.

– Medan Sør-Noreg får det andre lågtrykket på besøk og det blir litt varmare, kjem ikkje det opp til Nord-Noreg. Dei blir verande i den kalde lufta og får meir vinterleg vêr utover i neste veke med snøbyer.

Powered by Labrador CMS