nyhende
Førskuleborn fiksa kartpunkt på Skult: — Skikkeleg lagarbeid
Førskuleborna i Ekrene natur- og gardsbarnehage har den siste tida gjort eit framifrå vedlikehaldsarbeid på Rophus.
For nokre veker sidan bar dei ned eit kartpunkt som hadde lege på Skult i lang tid.
— Det var både øydelagt og slite, så difor bestemte me oss for å gjera noko med det, seier Vegard Tollaksen, som er styrar i barnehagen.
Førskuleborna, som byrjar på skulen til hausten, tok med seg kartpunktet ned til barnehagen og gjekk i gang med eit grundig reparasjons- og målingsarbeid.
No er eit tilnærma nytt kartpunkt kome på plass:
— Borna hjelpte til med å bera det opp att og fekk festa det med vaier og stein, seier Tollaksen og supplerer med at dei no held på med den årlege friluftsveka i barnehagen.
— Borna skal få flotte og lærerike opplevingar i naturen. Me skal gå på mange kjekke turar, ha naturlotto, leik med ball, spikka fuglekassar, dra på båttur og overnatta i lavvo.