nyhende
Forskinga stadfestar: Kvar hund er unik
Forskinga stadfestar no det alle hundeeigarar veldig godt veit: Nemleg at kvar hund er ulik – med heilt eigne individuelle særtrekk.
Det finst mange og populære stereotypar om åtferda til ulike hunderasar, som golden retrieverar, pudlar eller schnauzerar. Men desse stereotypane blir ikkje støtta av vitskapen.
Ein ny studie fastslår at det er stor åtferdsvariasjon innan kvar rase.
– Når alt kjem til alt, er kvar hund eit sjølvstendig individ, seier ein av forfattarane bak studien, genetikar Elinor Karlsson ved University of Massachusetts.
Spør du hundeeigarar om personlegdomen til deira hund, bør du ha tolmod. Entusiasmen og behovet for å fortelje detaljane om veremåte og lynne er ofte svært stor.
Den store lidenskapen til dyreeigarane inspirerte Karlsson til å forske på temaet. Ho ville prøve å finne ut i kva grad åtferdsmønster er arva – og i kva grad ein kan seie at ulike hunderasar har ei spesiell og føreseieleg åtferd.
Og ho fann at sjølv om fysiske eigenskapar – som dei lange beina til ein greyhound eller flekkane til ein dalmatinar er arveleg, kan ein ikkje seie at rasa gir føreseielegheit for eit individs personlegdom. Forskarstudien vart nyleg offentleggjord i tidsskriftet Science.
For å undersøkje korleis genetikken stemmer overeins med eigenskapane til rasen, sekvenserte forskarane DNA frå meir enn 2.000 reinrasa hundar og blandingshundar.
Desse dataa, kombinert med eigarundersøkingar, vart brukt til å kartleggje gen som ofte blir knytte til åtferdsmessige og fysiske eigenskapar.
Dei intervjua over 18.000 hundeeigarar og analyserte genoma til rundt 2.150 av hundane deira for å sjå etter mønster. Forskarane gjennomførte dermed den største undersøkinga på området hittil.
Eit visst genetisk grunnlag
Forskarane fann ut at noko åtferd – som å bjeffe eller ule, gjere stand eller vise venlegheit overfor framande menneske – har eit visst genetisk grunnlag. Men at arven ikkje nødvendigvis blir overført langs raselinjene. Dei fann at sjølv om mange av dei fysiske eigenskapane er knytte til rase, varierer åtferda til individet mykje. Til dømes fann dei golden retrieverar som ikkje apporterte, fortel medforfattar Kathryn Lord. Ho er som Karlsson ekspert på dyreåtferd.
Forskarane meiner derfor at informasjon om ein hunderase eignar seg dårleg som rettleier for eit individs åtferd, og bør derfor ikkje leggjast for stor vekt på når ein skal bestemme seg for val av rase.
Somme rasar, som huskyar, kan vise ein større tendens til å ule. Men mange av desse hundane gjer det ikkje, gjekk det fram av både eigarundersøkinga og genetiske data.
Forskarane kunne heller ikkje finne noko genetisk grunnlag for aggressiv åtferd eller ei spesiell kopling til spesifikke rasar.
Beste ven
Hunden vart den beste vennen til menneskja for meir enn 14.000 år sidan. Hunden er det einaste dyret som vart domestisert før jordbruket kom.
Men konseptet med hunderasar er mykje nyare. På 1800-talet oppstod omgrepet hunderasar og organisert raseavl med stambokføring, utstillingar og prøvar. Ein byrja ein medviten avl på hundar for å oppnå spesielle fysiske eigenskapar.
I dag finst det rundt 450 hunderasar, og litt over 250 er registrerte i Noreg.
Og storleik og utsjånad varierer altså veldig, som til dømes ein Chihuahua mot ein Grand danois eller ein kinesisk nakenhund mot ein tjukkpelsa leonberger. Men lynnet, det varierer altså også frå individ til individ.
(©NPK)