nyhende
Forskinga slår ned den åndelege konservative bølgja
Det blir stadig skrive om at ei konservativ bølgje skyl inn over oss – og at fleire unge blir religiøse. Men statistikk og forsking viser ikkje dei same tendensane.
– Hovudårsaka til medlemsvekst i kyrkjesamfunn i Noreg er migrasjon. Den katolske kyrkja og Den ortodokse kyrkja har opplevd stor vekst – mest grunna arbeidsinnvandring frå land der katolsk og ortodoks kristendom dominerer. Dei siste åra har flyktningar frå Ukraina gitt eit ekstra løft for medlemstalet i Den ortodokse kyrkja, fortel forskingssjef Sven Thore Kloster hos Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (Kifo) til Nynorsk pressekontor.
Konservativ krusning
Ved stortingsvalet i september fekk Kristeleg Folkeparti 4,2 prosent av røystene. Det gjorde at dei kom over sperregrensa.
– Eg trur nettopp at denne stoltheita rundt dei kristne verdiane er veldig folkeleg forankra. Så kanskje vi har sett at det er ei rørsle som vi berre har sett byrjinga på, sa leiar i KrF, Dag-Inge Ulstein til Vårt Land etter valet.
Fleire riksdekkjande medium har òg skrive om korleis den konservative bølgja skyl inn over oss. Seinast i slutten av november skreiv NRK om at fleire unge menn konverterer til katolisismen.
– At det er rundt 100 på katekesekurs (kristen trusundervisning) i Oslo og nokre hundre konvertittar i året stemmer nok, og det er jo interessant i seg sjølv, men tala er jo i den store samanhengen ikkje så store, seier Kloster om NRK-artikkelen.
Også TV 2 har skrive artiklar om korleis unge strøymer til frimeinigheitene.
– Kanskje er det ei bølgje nokre stadar, eller la oss kalle det ei krusning. Tala på nasjonalt nivå seier derimot noko anna. Den norske kyrkja (DNK) har faktisk 4.000 nyinnmelde per år. Dette er menneske som er døypte frå før – anten i Den norske kyrkja og har meldt seg ut og inn igjen, eller menneske som er døypte i eit anna kyrkjesamfunn og melder overgang til Den norske kyrkja. Dei fleste som melder seg inn vil eg tru gjer det fordi dei er liberale eller opne i trua si, ikkje fordi dei er konservative. Då ville dei heller meldt seg inn i eit meir konservativt kyrkjesamfunn. Sannsynlegvis er det fleire som melder seg inn DNK årleg enn i andre meir karismatiske frikyrkjer, seier Kloster.
Kan oppleve auka interesse
Av dei protestantiske frikyrkjene i Noreg er Pinserørsla den største. Ho er samansett av 350 sjølvstendige frimeinigheiter rundt omkring i landet. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at Pinserørsla hadde 39.492 medlemmer i 2006 og 40.725 medlemmer i 2020. At frimeinigheitene har ei tilstrøyming av unge finst det heller ikkje dekning for i forskingsmaterialet til Kifo.
– Samla sett har meinigheitene som er tilslutta Pinserørsla hatt ein rimeleg konstant medlemsmasse frå 2006, seier Kifo-forskar Kloster.
Men …
– Det kan godt tenkjast at nokre karismatiske rørsler ikkje er så opptekne av å verve medlemmer. Fleire kan oppleve større interesse for møta sine utan at folk nødvendigvis melder seg inn, seier han.
Humanistisk trend
På den andre sida av det religiøse spekteret står livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund (HEF) og dei har i motsetnad til fleire frikyrkjer hatt ein betydeleg vekst.
– Dei har ein årleg vekst på cirka 15.000 nye medlemmer. Så altså, det er interessant som eit fenomen i tida at det er ein del konvertittar i den katolske kyrkja, men det er langt frå den største trenden blant unge. Det er eit forholdsvis lågt tal på unge som konverterer til katolisismen – det viser også at det ikkje er snakk om ei stor bølgje konservative kristne, seier Kloster.
Trass i at medlemstala i dei ulike kristne trussamfunna ikkje viser teikn på ei konservativ bølgje, finst det teikn som tyder på at unge omfamnar andre aspekt ved den kristne trua. Tidlegare i haust skreiv avisa Vårt Land om ei fersk Kifo-undersøking som viser at unge les meir i Bibelen.
– Det endrar likevel ikkje det vi ser på som det store bildet, avsluttar forskingsleiaren.