nyhende
Påstand om fråverande brøyting i år:
Forsikrar om at vinterberedskapen er ute dag og natt når det står på
Å halda vegane fri for snø og is er ein meiningsfull jobb som mange har meiningar om. Sveio kommune har ikkje hatt mange klager på brøyting og strøing på kommunale vegar i år, fylkeskommunen forsikrar om at entreprenørane har ei driftsklasse å retta seg etter – heile døgeret.
Bakgrunnen for saka er at Vestavind har vore i kontakt med nokon som mellom anna har opplevd brøytinga som total fråverande i år, både på kommunale vegar og på Fv 47 i Sveio.
Sistnemnde vegstykke blir skildra som «natt og dag» når ein passerer fylkesgrensa på veg til Haugesund om natta eller morgonen – verst i vårt fylke. Vedkommande er redd for at det blir spart på brøytemannskap både her og der, som kan gå ut over liv og helse.
Me høyrer med to av dei som har hovudansvar for vegane her i Sveio korleis rutinane er.
Eige og innleigd mannskap
Sveio kommune har ikkje fått mange klagar på arbeidet dette året.
– Sveio kommune brøytar og strør dei kommunale vegane med ein kombinasjon av eige mannskap. Tre kommunalt tilsette og fem private firma har beredskapsvakt og rykkar ut for å brøyta og strø dei kommunale vegane i Sveio når det er behov, forklarar Frederik Aalo Flood, einingsleiar for drift- og anleggsavdelinga i Sveio kommune.
Tidkrevjande
Han synest at innsatsen har vore god frå brøytemannskapa dette året, og det har ikkje vore mange klagar på verken brøyting eller strøing på dei kommunale vegane.
– Når det snør heftig er det sjølvsagt ikkje mogleg å brøyta alt med ein gong. Det vil ta litt tid å komma seg gjennom alle vegane, seier Flood, som oppmodar til å ta kontakt med kommunen om nokon har noko spesielt eller viktig å melda.
Flood avkreftar at mannskapa har brøyteskjæret såvidt nedi bakken for å spara på utstyr.
– Er det lagt inn få vinterdagar i budsjettet, slik at de må spara på mannskap?
– Nei. Det er brøyting og strøing når forholda gjer det naudsynt, oppklarar Flood.