nyhende

Daglege leiar og flyplassjef Stord lufthamn, Jan Morten Myklebust, er glad for vedtaket på fylkestinget.
Daglege leiar og flyplassjef Stord lufthamn, Jan Morten Myklebust, er glad for vedtaket på fylkestinget.

Fornya driftsavtalen med Stord-flyplassen

Fylkestinget i Vestland vedtok tysdag å fornya driftsavtalen med Sunnhordland Lufthamn AS. Det er sett av 27 millionar kroner i driftstilskot til lufthamna på fylket sitt 2024-budsjett.

Publisert Sist oppdatert

– Vedtaket om å fornya driftsavtalen var venta, men er sjølvsagt svært gledeleg for oss, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust ved flyplassen på Stord til Vestavind.

Sunnhordland Lufthamn AS fekk tidlegare driftstilskot direkte frå Samferdselsdepartementet. Dette blei endra då storfylket blei etablert for nokre år sidan. No blir pengane overførte som eit rammetilskot frå staten til fylkeskommunen for vidare fordeling.

Ser lyst på framtida

Sidan flyplassen på Stord er den einaste flyplassen utanfor Avinor i fylket, går heile tilskotet til dei. Stord kommune eig 79 prosent av aksjane i Sunnhordland Lufthamn AS, Vestland fylkeskommune 21 prosent.

Myklebust ser lyst på framtida også med tanke på at Stord lufthamn frå 1. april kjem med på det såkalla FOT-rutenettet.

Startar FOT-rutene med to fulle fly

– Det betyr fleire avgangar til rimelegare prisar og rabattordningar både for studentar og pensjonistar. Dette er viktig for heile Sunnhordland, også for Sveio, seier Myklebust.

Han kan fortelja at FOT-rutene kjem i gang 2. påskedag med to fullbooka fly frå Sørstokken til Gardermoen.

Powered by Labrador CMS