Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Førjulsstemning på sitt beste
Første helga i advent var det fleire førjulsarrangement rundt om i kommunen. Blant desse var julemarknad på Oa og julegrantenning med marknad i Sveio sentrum laurdag, der frivillige, lag og lokale utstillarar skapte førjulsstemning på sitt beste.
Julemarknaden på Oa har blitt ein mangeårig tradisjon som blir halden i gong av Oa ungdomslag. At julemarknaden er populær, viste seg med eit lokale tettpakka av besøkande og lange bilrekker langs vegen fram mot ungdomshuset.
Stor innsats på førehand
Inne i huset hadde ungdomslaget lagt ned ein solid innsats dei siste vekene. Langbord var pynta, gevinstar var samla inn frå fleire lokale sponsorar, og dørkransar, brakehjarte, «utenissar» i grønt stod klare for sal.
– Det er mange i ungdomslaget som har gjort ein stor innsats med å binde dørkransar og utedekorasjonar dei to siste vekene, fortel Mona Lervik, som har vore med på julemarknaden i 18 år.
Ho kan også fortelje at det kvelden før vart steikt mellom 300 potetkaker, i tillegg til lefser. På julemarknaden stod ho på stand og solgte handarbeid saman med dottera Maria Lervik.
I kafeen var det sal av både kaker og julegraut, og det var dei besøkande sjølve som skapte den gode drøsen og stemninga i rommet.
Ta vare på ungdomshuset
Nestleiar i ungdomslaget, Jan Roar Oa, fortel at inntektene frå julemarknaden går til drift og vedlikehald av ungdomshuset. Huset vart bygd i 1934 og ber mykje lokal historie i veggane, men sjølve ungdomslaget er endå eldre. Sveinung Askeland, som tidlegare har vore aktiv i styret, seier at ungdomslaget er over hundre år og vart skipa i 1919. I starten heldt laget til i bedehuset nokre hundre meter unna.
Trass i at mange slike hus rundt om i landet no er kommunale eller lagt ned, er Oa sitt hus framleis i drift – takk vera frivillig arbeid. Jan Roar trekkjer fram at Oa ungdomslag må sjåast i samanheng med to andre lag: Oavika Fellesområde og Oa Turlag. Her er det mange av dei same eldsjelene som gjer ein innsats for bygda.
– Turlaget har blant anna nyleg jobba med å lage fleire familievenlege turstiar i området. Stiane er merka, og ein kan gå nærast tørrskodd, med benker og rasteplassar undervegs, seier Jan Roar, som oppmodar alle til å prøve ut turstiane.
Kreativ skrapjernkunst
Ungdomshuset på Oa nytta begge etasjane for å få plass til alle besøkande. I andre etasje var det mellom anna inviterte utstillarar. Ein av desse var Tore Tronstad, som drog god merksemd med skulpturane sine laga av gjenstandar som for andre vert kassert som skrap. Med litt bearbeiding og sveising får delane nytt liv.
– Eg brukar alt frå gamle kjettingar, hestesko, skeier og boltar, seier Tore, som til dagleg jobbar på Fjon Bruk. Med seg hadde han god hjelp frå dottera Ragna.
Julegrantenning i Sveio
I overlappande timar var det også duka for julegrantenning og marknad i Sveio sentrum, i regi av Sveio skulekorps. Her var det for første gong dei nye salgsbodene – bygde av Lions på oppdrag frå kommunen – vart tekne i bruk. Nokre av bodene stod langs kanten av plassen framfor kommunehuset, medan fleire telt var sett opp for å huse dei øvrige utstillarane.
Vêrgudane var på lag denne dagen, med opplett og vindstille gjennom heile marknaden. Det var likevel kaldt, og både store og små nytta høvet til å varme seg ved bålpanna som var sett opp, eller med gløgg og nysteikte lappar frå korpset si eiga salsbod.
Nye salgsbodar tekne i bruk
Ein av dei som fekk innvie dei nye raudmala bodene, var Eikeland Gods, der Torgeir Eikeland selde økologiske produkt frå garden i Auklandshamn. Blant anna egg, tørka piggsopp, urtesalt, sylteagurk og tørka tomat.
– Me driv småskala og økologisk, og håpar på meir grønsaker til sommaren, fortalde han.
Ordførar André Mundal Haukås meinte at årets marknad truleg sette rekord både i tal besøkande og talet på utstillarar.
– Me håpar fleire vil ta kontakt framover og bruke bodene til å selje eigne varer. Dei skal stå her fast, og det er veldig kjekt når dei er i bruk og skapar liv i sentrum, seier Haukås.
Ein varm kommune å bu i
Under talen som leia fram mot felles nedteljinga til å tenne julegrana, minna ordføraren om verdien av små lysglimt i mørketida – ikkje berre dei me tenner ute, men dei me kan vere for kvarandre.
– Tenninga av julegrana er ei påminning om nettopp dette: å skape lys i den mørkaste tida på året. Besøk nokon som er åleine, eller som du veit treng ei oppmuntring. Slike lysglimt gjer kommunen vår endå varmare, så ordføraren, før han samla alle til å stemme i nedtelling frå 5 til 0.