nyhende

Forhandlingsleiarane, frå venstre Per Wathne (KrF), Rune Teikari (FrP), John Kristian Økland (H) og Ole Velde (Sp).
Forhandlingsleiarane, frå venstre Per Wathne (KrF), Rune Teikari (FrP), John Kristian Økland (H) og Ole Velde (Sp).

Forhandlingane: Ordknapp om ordførarrolla

KrF, Høgre, Frp og Sp held fram med forhandlingane. Tysdag sat dei i fire timar til seint på kvelden. – Me har fokus på å landa det på ein god måte, i staden for å landa det raskt, seier forhandlingsleiar for Høgre John Kristian Økland.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag kveld samla dei fire forhandlingsleiarane for KrF, Høgre, Frp og Sp seg. I løpet av fire timar gjekk det framover, men dei er framleis veldig ordknapp om kva som har skjedd så langt.

Forhandlingsleiar for Høgre, John Kristian Økland, fortel at det var eit godt møte med god tone.

Omfattande arbeid

– Fokuset er å få ein felles politisk plattform. Det er ganske omfattande arbeid, seier han.

Dei som ventar i spenning på korleis kommunen skal styrast risikerer å måtte venta fleire dagar. Han vil ikkje setja eit punkt som dei lovar å vera klare innan, og fortel at det kan vera neste veke om naudsynt.

– Me har ikkje noko frist for å verta ferdige. Me har fokus på å landa på ein god måte i staden for å landa dette raskt, seier Økland.

Øvste rolle ikkje avklart

Med alle stemmene talde er det Høgre som har flest mandat med 5, Framstegspartiet 4, Senterpartiet 3 og Kristeleg Folkeparti 2. Alle spørsmål om kven som vert ordførar har vorte avvist av forhandlingsleiarane. Kvart parti stilte til val med sin ordførarkandidat.

Det er Høgre som stiller sterkast, både i antal mandat, og at næraste konkurrent sin ordførarkandidat vart valt inn som nummer tre for partiet sitt etter at slengjarar og personstemmer vart medrekna. Men André Mundal Haukås er ordknapp.

– Vil du bli ordførar?

– Me har køyrd på vår politikk og vår ordførarkandidat, det har me med inn i forhandlingane, seier Haukås.

– Men vil du bli ordførar?

– Eg har gått til val som ordførarkandidat, så det vil eg jo, svarar han.

Kjempenøgde

På trass av den såkalla høgrevinden over landets kommunar, er Haukås ganske nøgd sjølv om dei ikkje gjekk opp i antal mandat samanlikna med forrige val.

– Me hadde tre nye lister kor to av dei tok fire mandat samanlagt. Likevel held me stand og går til og med opp på oppslutning. Det er fantastisk, og me er kjempenøgde, avsluttar Haukås.

Powered by Labrador CMS