nyhende

Fylkesvegane har mykje forfall som treng utbetrast. Her er eit bilete frå ei lita bru på vegen til Auklandshamn, teken i mars.
Fylkesvegane har mykje forfall som treng utbetrast. Her er eit bilete frå ei lita bru på vegen til Auklandshamn, teken i mars.

Forfallet på fylkesvegane nærmar seg 100 milliardar

Ein ny rapport frå Statens vegvesen viser at manglane vedlikehald har auka med 18 prosent sidan 2013. Då låg det på mellom 40 til 70 milliardar, no er det ein stad mellom 83 og 95.

Publisert Sist oppdatert

Dei nye tala om etterslep på fylkesvegane har fått mellom anna NAF til å koma med krass kritikk. Pressesjef Ingunn Handagard trekk fram ein urovekkande statistikk.

– Forfallet på vegane er bygd opp over tid og vil ta tid å få ned. I mellomtida køyrer folk på livsfarlege vegar med hjartet i halsen. Risikoen for å verta drepen eller hardt skada når du køyrer på fylkesveg er nesten 90 prosent høgare enn på riksvegnettet, seier ho.

Fleire milliardar dyrare

Fredag 6. oktober kjem statsbudsjettet, og NAF krev at regjeringa tar eit krafttak for å minka forfallet. Den nye rapporten viser at problema berre har auka både i omfang og kostnad.

– På ti år har forfallet på vegane auka kraftig. Forrige rapport i 2013 viste eit behov på mellom 45 til 70 milliardar. Sidan då har det berre auka, seier ho.

Rapporten frå Vegvesenet fortel at det er stor usikkerheit om dei nye tala, sidan dei er berekna ut frå kor mykje pengar fylkeskommunane har brukt på vedlikehald dei siste ti åra. Tala kjem ikkje frå ein faktisk gjennomgang, så om problemet er mindre eller like stort som rapporten hevdar, veit dei ikkje. NAF trur likevel det kan vera verre enn berekna.

– Folk opplever at vegane rotnar på rot, og det vil ikkje overraska om dei faktiske behova er enda større enn det som kjem fram, seier Handagard.

Heng etter på rassikring

Ho meiner staten må støtta fylkeskommunane meir med midlar til vedlikehald.

– Fylkesvegane knytter lokalsamfunn og arbeidsplassar saman. Fylka treng meir støtte frå staten, og dei må prioritera nok midlar kvart einaste år framover, seier ho.

Vidare kjem NAF med eit ynskje om midlar til skredsikring, kor dei meiner Noreg heng etter med om lag 60 milliardar på fylkesvegane med middels og høg grad av fare.

– Våtare og villare klima gjer at det vil kunna rasa oftare og på nye stadar. Konsekvensane av ras kan vera store og alvorlege. Det betyr også stengte vegar og ofte lange omkøyringar, eller at lokalsamfunn blir delt i to, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS