nyhende

Lunsjmøte om Fiskeridirektoratet sine forslag til innstrammingar i turistfisket:

Styreleiar i Sveio Næringsforum Nina J. H. Matre inviterer til diskusjon om regulering av fisketurismen.
Styreleiar i Sveio Næringsforum Nina J. H. Matre inviterer til diskusjon om regulering av fisketurismen.

Foreslår mindre kvotar og fiskekort for utlendingar

Sveio næringsforum inviterer til lunsjmøte på Kaien i Førde fredag 27. september for å diskutera Fiskeridirektoratet sine forslag til innstrammingar i turistfisket.

Publisert Sist oppdatert

– Møtet blir ope for alle som driv med utleige til fisketuristar. Høyringsuttaler til rapportar som den Fiskeridirektoratet no har utarbeidd, er ein av måtane me kan påverka sentrale styresmakter, seier styreleiar Nina H. J. Matre i Sveio næringsforum.

– Viktig å stå saman

Ho har ikkje oversikt over kor mange verksemder det er i Sveio som leiger ut hytter og båtar til fisketuristar. Berre nokre få av desse verksemdene er medlemmer i Sveio næringsforum. No håpar ho fleire skal sjå verdien av å bli med for å gi styrke til organisasjonen.

Det var Vestavind som gjorde Matre merksam på turistfiskerapporten som Fiskeridirketoratet har utarbeidd. Matre tok informasjonen med seg til styremøtet sist torsdag. Der blei det bestemt å kalla inn til lunsjmøte om temaet.

– Det er viktig at me blir høyringsinstans for rapportar og forslag som får direkte innverknad på medlemmene våre. Dette er eit spørsmål eg også vil ta opp på eit møte med Sveio kommune litt seinare denne månaden, seier Matre.

Auka kontrollansvar

I Fiskeridirektoratet sin rapport blir det mellom anna foreslått innføra registreringsplikt for alle turistar som kjem til Noreg for å fiska. Dette kan gjennomførast ved at alle personar som ikkje er busette her i landet må skaffa seg fiskekort. Det blir også foreslått å redusera utførselkvoten frå 18 til 10 kilo fiskefilet.

Det blir også foreslått å påleggja turistfiskeverksemdene strengare reglar for rapportering og kontroll. I tillegg blir det foreslått innfrysingsforbod for personar som ikkje er busette i Noreg og som ikkje er knytte til godkjent turistfiskeverksemd.

– Opplevinga må vera målet

– Målet for fisketurisme må vera å trekkja til seg turistar som set opplevinga i sentrum framfor å fiska mest mogleg. Turistfisket har hatt vekst i fleire år og har potensiale til å bidra til viktige arbeidsplassar langs kysten. Eg ser fram til å følgja opp arbeidet som direktoratet gjer med å gjennomgå kunnskapsgrunnlaget og foreslå tiltak på dette området, seier fiskeri- og havbruksminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding som Fiskeridirektoratet har sendt ut.

Oppdraget med å gjennomgå kunnskapsgrunnlaget på turistfiskeområdet kom frå Nærings- og fiskeridepartementet. Arbeidsgruppa som har laga rapporten blei oppnemnd i februar i år.

Manglar oversyn

Det finst ikkje tal på kor mange fisketuristar som kjem til Noreg kvart år. I 2019 la NHO Reiseliv fram tal som viste at næringa sto for ei verdiskaping på 1,4 milliardar kroner og 1.550 årsverk. Samstundes som næringa er i vekst, finst det lite kunnskap om kor mykje turistfisket påverkar lokale bestandar av mellom anna kysttorsk, uer, kveite og gråsteinbit, heiter det i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS