nyhende

Valestrand kan gle seg over at det går mot realisering av ballbinge ved oppvekstsenteret.FOTO: PRIVAT
Valestrand kan gle seg over at det går mot realisering av ballbinge ved oppvekstsenteret.

Føreslår endringar for millionfond

Styret i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) foreslår endringar i vedtektene for SIM sitt miljøfond.

Publisert Sist oppdatert

SIM Miljøfond

• I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2018 om lag 51 millionar kroner.

• SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av.

• Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar. Søknadsfristen er 1. desember.

• Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet.

Kjelde: sim.as

Endringane vil mellom anna føra til at det blir mogleg å tildela midlar frå miljøfondet til nærmiljøanlegg og leikeplassar. Vidare vil det også bli mogleg å få støtte til ryddeaksjonar i strandsona.

Forslaget går vidare ut på at styret i staden for representantskapet skal få mynde til å tildela midlar frå miljøfondet og at administrasjonen skal få fullmakt til å gi støtte til ryddeaksjonar.

Forslaget til vedtektsendringar skal behandlast av SIM sitt representantskap 9. september. Rådmannen i Sveio støttar SIM-styret sitt forslag. Han tilrår at Sveio sine medlemmer i SIM sitt representantskap blir pålagde å stemma i tråd med dette. Forslaget til vedtekter for SIM sitt miljøfond blir lagt fram for formannskapet i Sveio på ekstraordinæret møte måndag.

Powered by Labrador CMS