nyhende

Laksefiske er stengt i 183 av dei 480 lakseførande elvane i Noreg. Men stortingsrepresentant Ove Trellevik vil stenge alle elvene på Vestlandet. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Laksefiske er stengt i 183 av dei 480 lakseførande elvane i Noreg. Men stortingsrepresentant Ove Trellevik vil stenge alle elvene på Vestlandet.

Foreslår å stoppe laksefisket på Vestlandet

Publisert Sist oppdatert
NPK: Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) vil stoppe alt fiske etter laks i elvane på Vestlandet. Han meiner det kan ha positiv effekt på bestanden. Miljødirektoratet er skeptisk.

– I 2010 vart det forbod mot garnfiske etter laks i sjøen. Året etter vart det registrert 20.000 fleire gytande laks i elvane. Det viser at forbod mot fritidsfiske verkar. Difor trur eg det er fornuftig å stenge fiske etter laks i vassdraga i ein periode, og så vurdere resultatet, seier Trellevik til Bergens Tidende.

Hittil har det vore mest merksemd mot oppdrettsnæringa og lakselus for å forklare at villaksen no er klassifisert som «nær trua» på raudlista til Artsdatabanken. Trellevik meiner det er på tide å tenke nytt og viser til at 297 av 480 lakseførande elvar i Noreg er opne for fiske.

– Når arten er trua og raudlista, er det spesielt at vi tillèt ei så omfattande hausting i elvane, seier Trellevik. Han meiner også det er eit paradoks at oppdrettsnæringa på Vestlandet er underlagt strenge restriksjonar på grunn av mykje lus, medan det er ope for laksefiske i mange elvar.

Fjoråret var det dårlegaste lakseåret i Noreg nokon gong. Det var teke 289 tonn laks, mot eit snitt på 427 tonn dei fem åra før. Miljødirektoratet fastsette nye fiskereglar i 2021, som innebar at moglegheitene for å fiske i sjø vart betydeleg reduserte, samtidig som det i mange vassdrag ikkje lenger er lov å fiske.

Men seniorrådgjevar Helge Axel Dyrendal i Miljødirektoratet er skeptisk til forslaget frå Trellevik om eit generelt forbod, og viser til at kvar elv må forvaltast for seg.

– Kvar elv har gytebestandsmål – krav om minimum tal på fisk som gyt. Utan nok fisk igjen til haustbart overskot, blir det ikkje opna for fiske. Men mange elver har haustbart overskot og er difor opne, seier Dyrendal til avisa.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS