nyhende

Møte i formannskapet måndag kveld:

Frå formannskapet måndag kveld. F.v. Jarle Jacobsen (KrF), Monica V. Valen (Sp) og Håkon J. Skimmeland (Ap).
Frå formannskapet måndag kveld. F.v. Jarle Jacobsen (KrF), Monica V. Valen (Sp) og Håkon J. Skimmeland (Ap).

Foreslår å sjå etter andre lokale til familiens hus

Det blei ikkje nokon stor diskusjon før formannskapet vedtok korleis dei ønskjer at saka om rehabilitering av den gamle delen på kommunehuset skal løysast.

Publisert Sist oppdatert

Rune Teikari frå Sveio FrP hadde eit nytt forslag til vedtak, som etter eit gruppemøte fekk fleirtal:

  1. Prosessen med sammenslåing av legekontor stoppes.
  2. Kommunestyret ber rådmannen sondera moglege lokaler (eksisterande eller planlagde) som kan vera aktuelle for ei samlokalisering av dei kommunale tenestene barnevern, psykisk helse, helsestasjon, habilitering og NAV. Lokala skal vera lokalisert i umiddelbar nærheit til Sveiogata.
  3. Kommunestyret ber rådmannen detaljere ut Sveio kommunes framtidige plassbehov for administrasjonen.
  4. Kommunestyret ber rådmannen framskaffe ein budsjettpris på riving av den eldste delene av kommunehuset og sikring/ tetting mot resterande bygningsmasse samt naudsynt oppgradering av 1964-bygget.
  5. Planleggingskostnadar ved bruk av konsulentar til utgreiing vert å dekkja på prosjekt 30002 det det er gjenståande midlar på kr 890 000.
  6. Saka vert å leggja fram for kommunestyret på nytt hausten 2021.

Viktig å sjekka før bygging

– Det er viktig å sjekka ut kva som er av lokale både til leige og kjøp av føremålet framfor utelukkande tenking om bygging i kommunal regi, med påfølgjande utviding av kommunehuset. Dette kan gi oss eit redusert kostnadsbilde og auka fleksibilitet på sikt. Blir dette realisert, er det viktig at tilbodet ligg nærast mogleg offentleg transport, slik at brukarane får best mogleg tilgang på tilboda, derfor nærleiken til Sveiogata, seier Rune Teikari i Sveio FrP.

Fekk ikkje med ekstra punkt

Håkon Skimmeland frå Sveio Ap ønskte å ha med eit ekstra punkt i saka, men forslaget fekk berre støtte i eige parti, og gjekk derfor ikkje vidare: Planlegging av naudsynt rehabilitering av kommunehuset skal ikkje bli starta før planlagte investeringsprosjekt som er forankra i økonomiplanen, er i gong med prosjektering og ute på anbud.

Powered by Labrador CMS