nyhende
Forenkla søknad frå Solvind
Solvind sende inn konsesjonssøknaden til Sveio Nesse Vindkraftverk 23. mars. Prosjektet vil kosta 86 millionar kroner. NVE har lova Sveio kommune at det både blir høyring og folkemøte før ein gjer endeleg vedtak.
Sidan kraftverket skal ha under 10 MW effekt, er det ikkje krav om melding og full konsekvensutgreiing (KU), men det må leverast ein forenkla konsesjonssøknad for tiltaket etter Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine krav.
Solvind skriv i søknaden at dei allereie har vore i tett kontakt med kommunen og befolkninga i Sveio. I kapittel 5 står det at kommunen er informert gjennom presentasjon av prosjektet på gruppemøter i alle partia 19. og 20. februar. Etter presentasjonen sende Solvind informasjon til alle partia, og dei blei bedne om å koma med innspel til planane.
Tok kontakt med NVE
Ein forenkla søknad har ikkje same krav til høyringar og informasjon som planar for vindkraftanlegg over 10 MW effekt. Det har uroa mange etter at det vart kjent at Solvind hadde sendt søknaden til NVE.
– Saka har vore lite diskutert etter at Solvind presenterte den på partia sine gruppemøter. Eg meiner at Sveio kommune ikkje er tilstrekkeleg informert og involvert i prosessen. Verken administrasjonen eller politiske organ har fått gitt ein uttale før søknad vart sendt. Informasjon i partia sine gruppemøter er ikkje god nok involvering i desse sakene. Eg har ei klar forventing om at kommunen skal høyrast før det vert teke avgjerd i ein konsesjonssøknad, seier ordførar Linn Therse Erve (Ap).
Straks etter at kommunen fekk veta at det var sendt ein forenkla søknad, vart det teke kontakt med NVE.
– Derfrå har me fått både munnleg og skriftleg forsikring om at det ikkje blir gjort vedtak før det både har vore høyring og folkemøte, seier ordføraren.
Det står også i søknaden at Solvind vil senda søknaden med tilhøyrane KU til høyring hos relevante instansar, organisasjonar og privatpersonar, og at planane vil bli lagt ut til offentleg ettersyn i kommunen.
Aukande engasjement
Når det gjeld kontakt med befolkninga, blir saka om vindparkplanane i Vestavind 27. februar trekt fram, og at naboane til vindkraftverket er delvis personleg informerte. Solvind skriv også at det ikkje har kome innspel frå befolkninga i Sveio.
Når det gjeld det siste, er det i ferd med å endra seg. Talet på lesarinnlegg til Vestavind om vindkraft aukar. På sosiale medier har det vore stor aktivitet rundt saka i ulike grupper den siste veka. Facebook-gruppa Nei til vindkraft ved Ålfjorden er i ferd med å oppretta ei styringsgruppe. Initiativtakarane der oppretta gruppa 8. mai, og gruppa har allereie 738 medlemmer.
Den eksisterande vegen inn til Nesse må oppgraderast for å takla både vekt og lengde på elementa til vindturbinane, og vekt på køyretøy som skal nyttast. Forutan grunneigar Steinar Nesse, Sveio kommune og Metodistkirken sin kyrkjelyd i Haugesund, vil ifølgje søknaden fire andre grunneigarar bli berørte når adkomsvegen skal utvidast og forsterkast.
Ser for seg byggestart i 2024
Solvind ber om ei rask saksbehandling av søknaden. Framdriftsplanen ser slik ut: Behandling av søknaden: 2020-2022. Detaljprosjektering: 2022-2023. Kontrahering av leverandørar 2023-2024. Bygging og drift: 2024.
Totalkostnaden er i januar 2020 rekna til å bli 86 millionar kroner. Av dette vil innkjøp og installasjon av vindturbinane kosta 62 millionar kroner. Den nest største kostnaden er fundament, kranplassar, vegar og kabelgrøfter som utgjer 15 millionar kroner.
For dei som vil vita meir om prosjektet, ligg informasjon og søknad med diverse dokument lett tilgjengeleg på Solvind sine nettsider.