nyhende

Foreldrefront mot smarttelefonar: Me er sterkare saman

Eit dansk foreldrenettverk har no gått saman om ikkje å gje ungane sine smarttelefon og sosiale medium før borna når 8. klasse. Her i Noreg har 93 prosent av ungane mellom ni og elleve år mobil, og halvparten av alle ni- og tiåringar er på sosiale medium.

Publisert Sist oppdatert

– Mange foreldre kjenner seg makteslause i kampen mot smarttelefonar og sosiale medium, og vegrar seg for å ta barna sin mobilbruk opp til diskusjon på foreldremøte, seier advokat og tobarnsmor Christina Andersen på telefon frå Vedbæk nord for København.

Når den eldste dottera hennar byrjar på skulen om nokre få veker, kjem likevel ikkje Andersen og ektemannen James Tyson til å bli paret som sit aleine på foreldremøte og foreslår at alle lét vera å gje ungane smarttelefonar.

Hjelp og støtte

Dei byrja nemleg tidleg å planleggje for eit større fellesskap for å unngå at dei sjølv og andre hamnar i ein slik situasjon.

I mai lanserte ekteparet nettstaden «Smartphonefri barndom».

Via eit skjema på nettsida kan foreldre som deler ønsket om å utsette introduksjon av smarttelefonar, registrere seg. Ved å gjere det, seier dei ja til å vente med å gje barna smarttelefon og sosiale medium til barna minst går i 8. klasse, fortel Andersen til Nynorsk pressekontor:

– Når ti familiar frå same skule og årgang har registrert seg, får dei tilsendt ein e-post med kontaktinformasjonen til dei andre familiane. Derifrå tek foreldra dialogen vidare seg i mellom. Tanken er at foreldre kan hjelpe og støtte kvarandre og stå saman om å redusere presset som både barna og foreldra kjenner på.

Frykt for å falla utanfor

Ifølgje undersøkingar frå det norske Medietilsynet får 17 prosent av norske ungar sin første mobil før dei er sju år, og 93 prosent av born mellom ni og elleve år har no mobil. Halvparten av norske ni- og tiåringar er på sosiale medium. Då direktør Mari Velsand kommenterte undersøkinga, sa ho at norske foreldre lèt ungane få mobil og sosiale medium nettopp i frykt for at dei skal falle utanfor.

«Smartphonefri barndom» er inspirert av den amerikanske rørsla «Wait Until 8th». Christina Andersen ser ikkje bort frå at eit tilsvarande initiativ også vil dukke opp i Noreg etter kvart.

Norsk interesse

– Då me lanserte nettstaden, vart eg kontakta av ei norsk kvinne som var interessert i å starte opp noko liknande, men førebels har eg vore litt for travel til å få gjort noko meir med det. Eigentleg hadde eg jo berre tenkt til å fasilitere nettsida og ta denne samtala med klassen til dotter mi. I staden vart det ei samtale med store delar av Danmark.

Andersen rår den som eventuelt plukkar opp ballen i Noreg, til å alliere seg med fleire for å dele på arbeidsbyrda. Det er heller ikkje naudsynt å finne opp krutet på nytt, minner ho om:

– Det finst etter kvart mange av oss som jobbar med det same, og som gjerne deler materialet me alt har laga om nokon spør om å få bruke det. Me som engasjerer oss i dette, ønskjer jo å skape forandring.

– Veldig vanskeleg å seia nei

Sidan mai har rundt 900 danske familiar registrert seg på «Smartphonefri barndom». Førebels er dei blitt mange nok til å danne nettverk ved tre skular. Den eine av dei er skulen der dottera til Christina Andersen skal begynne.

– Eg forstod tidleg at viss dotter mi vart den einaste i klassen som ikkje hadde smarttelefon og sosiale medium, ville det bli veldig, veldig vanskeleg å seie nei til ho. Det ville i så fall bety at me kanskje ville ha introdusert ho for smarttelefon tidlegare enn me ønskte. Men smarttelefonane utgjer også eit problem for samfunnet vårt. Det er difor me også bør løyse problemet kollektivt, seier Andersen.

– Utruleg godt initiativ

Det er Susanne Toft i Horsens sør for Århus samd i. Ho er mor til tre skulebarn på 7, 8 og 10 år og har nettopp registrert seg.

– Me synest det er eit utruleg godt initiativ. Som foreldre står me stødig i valet me tidleg tok om å halde ungane borte frå smarttelefonar, men eg vil gjerne bidra til å inspirere fleire og skape eit større fellesskap, seier Toft.

Ho har sjølv sendt e-post og informert om organisasjonen til alle foreldregruppene til ungane. I klassen til 7-åringen har responsen vore lunka og dels negativ, medan foreldra til andreklassingane har bestemt at saka blir tema på foreldremøte.

Den einaste i klassen

10-åringen hennar held derimot fram med å vera den einaste i klassen utan smarttelefon:

– Jacob har straks bursdag, og han ønskjer seg sjølvsagt ein smarttelefon. I staden får han ein trykknapptelefon som han kan ringe og sende beskjedar med, slik at han blir meir sjølvstendig og kan lage eigne avtaler. Me har også kjøpt ein slags mini-Ipad, der han kan lytte til lydbøker og strøyme musikk frå Spotify, men utan å ha tilgang til alle dei andre appane.

– Er han nøgd med dei alternativa?

– Han lyttar og forstår grunngjevinga vår, og har akseptert at det er slik det er. Som foreldre er me trygge på at me har tatt eit godt val for ungane våre.

Powered by Labrador CMS