nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Førebygging og behandling i rusfeltet

Publisert Sist oppdatert

Noreg er eit av landa der det blir misbruka minst rusmidlar. Likevel er det ei betydeleg mengd. FHI (seniorforskar/professor Jørgen Bramnes) la i 2020 ut anslagsvis tal på kor mange avhengige ein har i landet.

  • 200.000 – 300.000 for alkohol
  • 20.000 – 40.0000 for vanedannande legemiddel
  • 15.000 – 30.000 for illegale rusmidlar

Mange rusmiddelavhengige lever under uverdige forhold og slit med psykiske og fysiske plager. Dei har kortare levetid enn andre samfunnsgrupper. Rusmiddelavhengige har rett til helsehjelp og eit verdig liv. Ein treng å styrke helsetenesta retta mot denne gruppa.

Senterpartiet meiner at ein ikkje skal bruka straff overfor narkotikaavhengige (problembrukarar). Straff har ingen preventiv effekt for narkotikaavhengige. Kommunane bør utvida hjelpetilbodet mot desse. I dag må ein venta lenge frå avrusing til ein får starta behandling. Det er viktig at ein startar behandlinga når motivasjonen føreligg. I dag er det også for dårleg samordning av oppfølging, ettervern og rehabilitering. Bustad og arbeid (aktivitet) er suksessfaktorar for at rusmiddelavhengige skal bli kvitt si rusliding.

Senterpartiet meiner rusreforma til regjeringa kan føra til auka narkotikabruk.

Regjeringa har lagt fram ei rusreform som har til følge ei avkriminalisering av narkotika. Personar som blir tatt med ei viss mengd narkotika skal ikkje lengre straffast. Dette gjeld både vaksne og barn. Unge som blir tatt med narkotika, får stoffet fråtatt og får ein enkeltsamtale med helsesjukepleiar eller annan fagperson i kommunen. Vidare oppfølging kan dei seia nei til. Helsesjukepleiarane meiner regjeringa si rusreform fører til at dei står utan verktøy til å fylgje opp ungdom som rusar seg. Senterpartiet meiner rusreforma til regjeringa kan føra til auka narkotikabruk. Av omsyn til barn og unge stør ikkje Senterpartiet dette. Avkriminalisering kan føra til at fleire oppfattar bruk av narkotika som lovleg.

Senterpartiet har fremma eit eige forslag til Stortinget om ikkje straffefølgja rusmiddelavhengige og om å innføra ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet.

Sp-reforma går ut på å ha ei nasjonal satsing med mellom anna haldningskampanjar, tidleg intervensjon, foreldrestøtteprogram, nærmiljøsatsing, meir tverrfagleg helsehjelp og ei ordning med «sosialt frikort», der personar med rusliding slepp å betala eigenandelar i helsetenesta.

Sveio Senterparti meiner at rusmiddelavhengige skal møtast med helsehjelp, ikkje straff. Men me har ikkje råd til ein politikk der me gamblar med auka narkotikabruk blant ungdom. Me seier «nei» til regjeringa si rusreform og «ja» til Senterpartiet si førebyggings- og behandlingsreform.

Monica V. Valen, Dagfinn F. Bjørge, Ole Velde, Arne Valen og Andreas Sirevaag
Kommunestyrerepresentantar Sveio Senterparti

Powered by Labrador CMS