nyhende

Patruljen «Koronapatrulje Sveio» frå Førdespeidarane har all grunn til å jubla etter å ha drege i hamn andreplassen i NM i speiding. Frå venstre Mathilde M. Aronsen, Bertine O. Frimannslund, Max-Louis Loosch og Linnea W. Bøe.
Patruljen «Koronapatrulje Sveio» frå Førdespeidarane har all grunn til å jubla etter å ha drege i hamn andreplassen i NM i speiding. Frå venstre Mathilde M. Aronsen, Bertine O. Frimannslund, Max-Louis Loosch og Linnea W. Bøe.

Førdespeidarane jublar for NM-sølv

«Koronapatrulje Sveio» frå Førdespeidarane kom på ein sensasjonell 2. plass i NM i speiding 2021.

Publisert Sist oppdatert

Då superfinalen var avvikla søndag 13. juni blei svaret sendt inn til nasjonal vurdering, og først no, etter nesten tre veker, er resultata klare.

– Me blei alle ganske overraska då våre speidarar hadde kome så langt som til 2. plass, då dette er ein konkurranse med ganske høgt nivå, opplyser leiar for Førdespeidarane, Kristin Brekke Hovland.

Ifølgje Hovland blei konkurransen arrangert desentralisert, med superfinale i kvar krins, søndag 13. juni. Førdespeidarane hadde to patruljer som kvalifiserte seg til superfinalen, kvalifiseringa føregjekk 11. – 12. juni.

Historisk Førde-siger

Sølvvinnarane frå Førde har delteke i NM i speiding to gonger før (innafor dei siste ti åra). I 2018 fekk dei 121. plass, i 2019 kraup dei opp til ein 46. plass. I 2020 blei konkurransen avlyst på grunn av covid-19, og i år fekk Førdespeidarane altså ein historisk 2. plass!

Powered by Labrador CMS