nyhende
Førde ute av lista: – framleis ei levande bygd
Statistisk sentralbyrå reknar ikkje lenger Førde som tettstad. Likevel meiner bygdelaget at bygda står sterkt.
Førde er ikkje lenger med på lista over tettstadar i Sveio kommune. I 2025 vart den tettbygde kjernen registrert med 197 innbyggjarar, tre færre enn kravet på 200 for å bli rekna som tettstad i statistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB).
Har lege på grensa i fleire år
Førde vart rekna som tettstad kvart år frå 2000 til 2012, før bygda fall ut av lista. I 2021 kom Førde inn att, og sidan har bygda veksla mellom å vera inne og ute av statistikken.
Folkehelsekoordinator og rådgjevar i Sveio kommune, Petter Steen jr., legg mindre vekt på sjølve SSB-statistikken. Han peikar heller på ein langsiktig utvikling, der tyngdepunktet gradvis har flytta seg frå nord til sør.
– Dersom me går tilbake til 1964, då kommunen var heilt ny, budde halvparten av innbyggjarane i det som tidlegare var Valestrand og Vestre Vikebygd. Sidan har det gradvis forskove seg sørover, seier Steen.
Han viser til tilgjenge til arbeidsmarknaden som ein viktig faktor.
– Det har nok samanheng med at mange sveibuar har jobbar sør for kommunen, altså i Haugesund. Samstundes er det blitt lagt ut mange bustadar i Sveio og Viksekrinsen sidan årtusenskiftet, seier han, og viser til at utviklinga òg følgjer nasjonale trendar, der fleire vert trekte mot sentrumsområda.
SSB-tala underbyggjar det Steen skildrar. Innbyggjartalet i Sveio sentrum har nesten dobla seg sidan 2000, frå 834 til 1526 i 2025. Samstundes kom Rophus inn på lista over tettstadar i 2013. I 2025 er det dermed Sveio sentrum og Rophus som er dei to tettstadane i kommunen.
Held betre stand
Steen peikar samstundes på at utviklinga i nord ikkje er lik overalt i kommunen. Etter hans vurdering er Førde den delen av nordre del av kommunen som har halde best stand dei siste åra.
– Me har jo sett at me har hatt kraftig nedgang i elevtalet på spesielt Valestrand og Auklandsand skule, medan det har vore meir stabilt i Førde dei siste åra, seier Steen.
Han trur derfor ikkje at Førde nødvendigvis er ute av tettstadsstatistikken for godt.
– Førde er kanskje det mest typiske bygdesamfunnet me har igjen i Sveio. Bygda har nokre kvalitetar som er ganske unike, seier han.
Bygdelaget: - Seier lite om livet i bygda
I Førde bygdelag legg dei mindre vekt på sjølve klassifiseringa.
– At Førde ikkje lenger blir rekna som tettstad i statistikken til SSB, betyr i praksis lite for oss som bur her. Førde er framleis ei levande bygd med eit aktivt lokalmiljø, gode oppvekstvilkår og stort engasjement blant innbyggjarane, seier Tor Inge Flåten på vegner av Førde bygdelag.
Han viser til at Førde, som mange andre bygder, over tid har merka sentralisering av både funksjonar og tenester, men understrekar at samhaldet framleis er sterkt.
– Gjennom bygdelaget arbeider me aktivt for å skapa aktivitet, møteplassar og trivsel i lokalsamfunnet. For oss er det viktigaste ikkje kva statistikken seier, men at folk framleis ønskjer å bu i Førde og bidra til å halda bygda levande, avsluttar han.