nyhende
Førde tettstad igjen
– Førde er tettstad igjen, skriv ordførar André Mundal Haukås i ein e-post til Vestavind og viser til den nye statistikken frå SSB som kom onsdag.
I 2024 har dermed Sveio kommune tre tettstader, Førde med 332 busette, Sveio med 1.516 og Rophus med 381. For dei to sistnemde er det ein liten tilbakegang. I Sveio har talet på busette gått ned med fire og på Rophus åtte.
– Det er svært gledeleg å sjå at Førde igjen har fått status som tettstad. Det syner at den satsinga me har på Førde har hatt effekt. Flotte bustadområde og levande bygdelag som skaper mykje god aktivitet er faktorar som heilt sikkert medverkar positivt. Så skal me også ha med oss at tilflyttinga av flyktningar dei siste åra også er med på å gi vekst, skriv ordføraren.