nyhende
Forbrukarrettar i bakleksa
Forbrukarrettane blir hengande etter i utviklinga. – Men det er vanskeleg å få politikarane med på gjennomgripande endringar, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.
– Bakgrunnen er kan hende at opinionen ikkje er sterk nok. Det er vanskeleg å sjå for seg at forbrukarane går saman i demonstrasjonstog over heile landet for ein gjennomgang av forbrukarregelverket, seier direktøren i «nye» Forbrukarrådet, som for eitt år sidan vart ein rein interesseorganisasjon for forbrukarrettar.
Oppgåva er å kjempe for forbrukarane overfor styresmakter og næringsliv og dessutan informere folk om kva rettar og reglar som gjeld.
Blyverket er likevel godt fornøgd med at Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Hurdalsplattforma har lova å ta tak i fleire viktige forbrukarsaker. Særleg fornøgd er ho med at dei har lova å gå gjennom husleigelova, å utvide Gjeldsregisteret og å styrke vernet mot digital overvaking og påverknad.
Husleigelova som forbrukarlov
Husleigelova er langt på veg basert på tanken om at det å leige bustad er noko ein gjer mellombels før ein kjøper sin eigen, men langt frå alle endar opp som huseigar. Rundt ein million nordmenn bur til kvar tid i leigd bustad, og mange har behov for meir stabile og trygge leigeforhold. Derfor vil regjeringa vurdere å gjere husleigelova til ei forbrukarlov med styrkte rettar for leigetakarane.
– Veldig mange av dei som leiger, leiger bustad over lang tid, kanskje heile livet, og mange av dei har barn. Dei treng stabile og verdige rammer rundt livet sitt, til dømes at ein skal kunne setje preg på bustaden sin, at ein skal kunne ha privatlivet i fred, og at ein ikkje må flytte mot sin vilje eller på andre måtar føle at busituasjonen er utrygg, seier Blyverket.
Gjeld og digital overvaking
Bra er det også at regjeringa vil utvide Gjeldsregisteret, slik at det omfattar alle typar gjeld, både usikra og sikra, meiner Forbrukarrådet. I dag omfattar registeret berre usikra gjeld, slik som forbrukslån og kredittkortgjeld, medan sikra lån til bustad, bil og anna ikkje blir registrert.
– Vi har meint at Gjeldsregisteret bør utvidast til å gjelde all gjeld, ikkje minst også sikra gjeld, slik at både låntakarane og dei som gir kreditt, kan sjå heile gjeldsbyrda. Det er vi svært fornøgde med at regjeringa seier skal opprettast, seier forbukarrådsdirektøren.
Ho har også store forventningar til arbeidet med vern mot digital overvaking og påverknad.
– Vi har saman med Teknologirådet, Datatilsynet og Amnesty International tatt til orde for at Noreg skal gå i bresjen for eit internasjonalt forbod mot overvakingsbasert marknadsføring. Vi er optimistiske med tanke på at Hurdalsplattforma adresserer denne problemstillinga òg, seier Blyverket.
Ho understrekar at det nyttar lite med eit einsidig norsk forbod. Eit samarbeid over landegrensene er heilt nødvendig, og Noreg bør gå i front.
– Noreg kan påverke. Vi kan ikkje berre sitje og vente på at EU skal ta ansvaret. Vi kan i ulike samanhengar stille krav og vere med på å etablere ein lobby for ei god EU-lovgiving på dette området. Noreg må ta ansvar for sine eigen innbyggjarar og bidra til at det kjem eit internasjonalt regelverk som vernar både barn og vaksne, seier Blyverket.
Berekraftig forbruk
Forbrukarrådet er også opptatt av at vi i det grøne skiftet må leggje til rette for eit meir berekraftig forbruk. Skal vi komme bort frå bruk-og-kast-forbruket, må produkta vi kjøper, vare lenger, dei må kunne gjenbrukast og resirkulerast, og dei må kunne reparerast.
I Hurdalsplattforma seier regjeringa at dei ønskjer nye krav til merking av produkt, både om klimaavtrykk, miljøskadelege stoff og arbeidsforholda for dei som har laga produkta, og om korleis dei kan reparerast, gjenbrukast og resirkulerast. Det synest Forbrukarrådet er både viktig og bra, men ikkje nok.
– Vi ønskjer at ein også skal bruke økonomiske insentiv for å dytte forbrukarane i rett retning. Det kan vere momsfritak for reparasjonar til dømes, men også at ein stiller strengare krav til produsentane, seier Blyverket.
Eit slikt krav kan vere at produsentane blir juridisk forplikta til å sørgje for at produktet er mogleg å reparere, til dømes ved at dei frigir reparasjonsmanualar og sørgjer for at det finst reservedelar. Då blir det mogleg for andre å reparere òg, slik vi i dag kan få reparert bilen på andre verkstader enn merkeverkstaden.
– Det burde vere ein juridisk mangel ved produktet dersom det er umogleg å reparere det. I dag kan du reklamere på eit produkt som har manglar, men reparerbarheit er ikkje i seg sjølv ein mangel. I eit berekraftsperspektiv bør det vere ein mangel, meiner vi.
Kontaktpunkt for forbrukarmakt
Forbrukarrådet har fått ansvaret for å opprette eit såkalla kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet, slik Solberg-regjeringa la opp til då dei la fram strategien for sirkulærøkonomi i sommar.
Gjennom kontaktpunktet skal Forbrukarrådet både informere og inspirere forbrukarane om og til berekraftig forbruk.
– Vi skal gjere forbrukarane tryggare på at vala dei gjer, er dei mest berekraftige. Men dette arbeidet må støttast opp av at styresmaktene sørgjer for at næringsaktørane ikkje berre kan ture på med villeiande marknadsføring og grønvasking. Det kan øydeleggje tilliten som vi alle er avhengige av for å komme oss gjennom det grøne skiftet, seier Blyverket.
– Vi meiner det må komme klarare reglar for kva som er lov og ikkje lov når det gjeld merking av produkt som berekraftige eller grøne – eller miljøvennlege for den saks skuld, og at tilsynsmaktene får nok ressursar til å slå ned på det.
(©NPK)