nyhende

Forbrukarrådet varslar Mattilsynet om desse fire solkremane som har langt lågare faktor enn det som er oppgitt på pakken. Foto: Forbrukarrådet / Handout / NTB / NPK
Forbrukarrådet varslar Mattilsynet om desse fire solkremane som har langt lågare faktor enn det som er oppgitt på pakken.

Forbrukarrådet vil ha fire solkremar fjerna frå marknaden

Forbrukarrådet varslar Mattilsynet om fire solkremar som har langt lågare faktor enn det som er oppgitt på pakken.

Publisert Sist oppdatert

Forbrukarrådet har gjennomført ein solkremtest for 2025, der 29 solkremar er vurderte baserte på faktor, ingrediensar og brukarvennlegheit.

– Vi fann fire solkremar som ikkje heldt den lova solfaktoren. Dette varslar vi Mattilsynet om og ber om at dei blir trekte frå marknaden, skriv Forbrukarrådet i ein e-post til NTB.

Dei fire solkremane blir selde som faktor 50, men viste seg å ha lågare faktor enn det.

– Ein skal kunne stole på at ein solkrem faktisk gir det vernet som er lova på pakken. Derfor forventar vi eit omsetningsforbod for desse produkta inntil feilen er retta, seier direktør i Forbrukarrådet Inger Lise Blyverket i omtalen av testen.

Får surt fjes i testen

Dei fire kremane Mattilsynet er varsla om, er Vichy Capital soleil crème onctueuse protectrice (målt faktor: 23), Nivea Sun UV Face Sensitive (målt faktor: 33), Biotherm Waterlover face sunscreen (målt faktor: 35) og Rituals Invisible sun protection face cream (målt faktor 45).

Desse produkta har fått raudt, surt fjes i testen.

Forbrukarrådet understrekar at det finst mange gode val for den som skal ut i sola, og gir grønt smilefjes til ti av dei 29 solkremane i testen.

Planlegg å kontakte Forbrukarrådet

Nivea, som er eigd av Beidersdorf, understrekar at solpleieprodukta deira går gjennom strenge SPF-testar i samsvar med internasjonalt standardiserte og styresmaktsgodkjende protokollar.

– Vi er sikre på at produktet som vart testa oppnår den oppgitte SPF-ein i samsvar med dei internasjonalt standardiserte protokollane. Vi planlegg å kontakte Forbrukarrådet for å få innsikt og forstå testmetodikken som er brukt, opplyser Nivea i ein e-post til NTB.

Powered by Labrador CMS