nyhende
Forbrukarrådet: Straumselskap påfører kundar milliardtap
I fjor betalte kundar med variable straumavtalar nesten 19.000 kroner meir enn spotpriskundar. Totalt utgjer det nærare 2 milliardar kroner.
Det viser ein gjennomgang Forbrukarrådet har gjort av tal frå NVE, som samtidig oppgir at 3,7 prosent av alle norske hushald framleis har desse variable straumavtalane.
Betalar blodpris
Forbrukarrådet ber selskapa avslutte desse avtalane, men forbrukardirektør Inger Lise Blyverket legg ikkje skjul på at selskapa lever godt på at kundane betaler blodpris.
– Ingen ønskjer å betale meir enn dei må for straumen. Det er då også straumkundane med minst innsikt som har vorte ståande på desse avtalane, og som endar opp med å betale svært dyrt for straumen, seier Blyverket i ei pressemelding.
Eiga inntening først
Dei siste tre månadene har variable avtalar kosta 204 øre per kilowattime i Søraust-Noreg for kundar med eit årleg forbruk på 16.000 kilowattimar. I same periode har spotprisen lege på 98 øre.
– At avtalane ofte er selde av selskap sertifiserte med «Trygg straumhandel» seier sitt om både ordninga og ikkje minst om ein bransje som set eiga inntening framfor kundane sitt beste, seier Blyverket.