nyhende

Forbipasserande tuta og vinka til aksjonerande bønder

I dag var bønder i Sveio oppmoda til å setja traktorar langs hovudvegen for å visa seg, jordbruksoppgjeret er sjølvsagt grunnen. Matprodusentane vil sikra at dei kan byggja vidare på næringa dei er levande opptekne av.

Publisert Sist oppdatert

Medan bøndene som har køyrt heilt inn i hovudstaden framføre Stortinget i dag, har ikkje dei fire bøndene frå Sveio bondelag som var samla på Haukås hatt like lang veg til sin aksjonsplass. Men bodskapen er den same – dei støttar brotet i jordbruksoppgjeret.

Stille aksjon

– Me kan ikkje samlast, derfor viser me oss frå traktoren, eit symbol på norsk landbruk. Me demonstrerer for å ha ei inntekt å leva av i dag, og i framtida. Då kan me gi garden vidare til neste generasjon – slik dei som kom før oss, seier Jon Bergmål, leiar i det lokale bondelaget, som står bak aksjonen. Han har i tillegg oppmoda medlemmer i Sveio småbrukarlag og Sveio sau og geit – og bønder som ikkje er medlem av nokon organisasjon, til å gjera det same.

Langs den travle etappa på E39 kan responsen kan både høyrast og sjåast, i form av venlege tut, tomlar i vêret eller vinkande hender.

– Me vil visa at me er her, og at det er bønder i Sveio. Det er ikkje alle ein ser frå vegen, Samson Hovda.

Investeringar

Dei fire bøndene har alle kvar sine behov for å oppgradera driftsbygningane sine. Hovda har eit relativt nytt gardshus på Hinderli, men den gamle fjosen er såkalla båsfjos.

Lausdrift er framtida, og innan 2034 skal alle kyr leva under slike forhold. Det vil vera positivt for bonden å leggja om drifta, men då må dei få investeringsmidlar som tilseier at dei kan klara løftet.

Jon Bergmål står på trappene til å ta over farsgarden på Tveita (i bakgrunnen), men først må ein ny driftsbygning opp. Med vesle Ragnar (1,5) er framtida på sett og vis sikra – men er det liv laga for bønder i Noreg?

Lagsleiar Bergmål har kalkulert kostnad på ny fjos på Tveita, men på berre eitt år har prisane endra seg drastisk.

– Prisen på betong, stål og tre har gått opp frå i fjor til i år. Eg reknar med at eg må betala ein halv million meir no enn prisen eg har fått, på grunn av auke i pris på råstoff, seier Bergmål.

Familien og framtida

– Eg trur ikkje nokon bønder har noko i mot lausdrift, men slike krav kostar, seier Maria Nesse.

Ho er sterkt involvert i arbeidet på garden heime, og tanken er at 22-åringen skal overta familiegarden. Årleg blir det frå Nesse levert mellom 1400 og 1600 griser, i tillegg er det 24 kalvingar frå ammekyr.

– Kvifor vil du satsa på bondeyrket?

– Garden heiter Nesse, og har vore i familien lenge. Eg er oppvaksen der, det ligg ein del stoltheit i det. Det er ein livsstil, seier Nesse, som har reisejobb innan anleggsbransjen på si. Både pappa Steinar Nesse og farfar Magnus er involvert i drifta, i tillegg stiller sambuaren til odelsjenta opp.

Kor mange som tok del i aksjonen er uvisst.

Powered by Labrador CMS