nyhende

Nils Haktor Bua er kontaktperson for gruppa som arbeidar for å sikra framleis barnehagedrift.
Nils Haktor Bua er kontaktperson for gruppa som arbeidar for å sikra framleis barnehagedrift.

— For oss som ferdast her i bil og til fots er det ei særs utrygg strekning

Nils Haktor Bua er gjest i spalta «—Hei, sveibu» denne veka.

Publisert Sist oppdatert
— Kva gjer du til dagleg?
— Kva gjer du til dagleg?

Hei, sveibu!

Namn: Nils Haktor Bua

Alder: 31

Bustad: Buavåg

— Eg er seksjonssjef for ny maritim teknologi i Sjøfartsdirektoratet.

— Kva er det beste med å vera sveibu?

— Nærleiken til sjø, god plass og fine toppar å gå tur til.

— Er det noko du saknar i Sveio?

— Betre veg på resterande strekning mellom Bua og Sveio sentrum. For oss som ferdast her i bil og til fots er det ei særs utrygg strekning med altfor dårleg standard slik det er i dag.

— Kva er ditt beste Sveio-minne?

— Det må vera alle åra i Sveio volleyball og samhaldet der.

— Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

— Alle i Buakrinsen som bidreg til at me får til så mykje, og at bygda er ein svært god plass å bu.

Powered by Labrador CMS