nyhende

– For nokre år sidan køyrde ein forelder over foten på sin eigen unge

Det skjer mykje på busshaldeplassen til Sveio skule ved skulestart og -slutt. Frå taxisjåførane sitt perspektiv, er foreldretrafikken, spesielt om ettermiddagen ei utfordring. – Det er eit tidsspørsmål om når det kjem til å skje noko katastrofalt, seier Helge Tofte. Skulen skal ta opp trafikksituasjonen med FAU.

Publisert Sist oppdatert

Ein måndag ettermiddag

Filmen øverst i saka viser korleis ein måndag ettermiddag kan vera. Denne dagen var ikkje bussane som parkerer ved Sveio skule på plass til same tid, men når dei er det, må éin parkera på utsida, sidan det ikkje er plass til alle i rekka. I følgje taxisjåførane, er det spesielt i slike tilfelle farlege situasjonar kan oppstå.

Taxiselskapet har eksistert sidan 2004, og har i like mange år skyssa elevar til og frå dei fem skulane som er igjen i Sveio. Dei siste åra har sjåførane observert at trafikken til skulane stadig aukar, noko som fører til uoversiktlege trafikksituasjonar.

– Både Førde og Auklandshamn har løysingar som fungerer, sidan busshaldeplass og stoppestad for bilar ikkje er nær kvarandre, På Vikse flyt det fint, og i Valestrand har lærarane god kontroll, så her er ikkje store utfordringar – eller like mange elevar som på Sveio, seier dagleg leiar i Sveio Taxi, Helge Tofte.

Anette Hus Tofte og Helge Tofte er to av dei tilsette i Sveio Taxi. At dei opplever situasjonen rundt skulestart og -slutt på Sveio skule er ikkje noko nytt, men dei har inntrykk av at foreldrekøyringa er aukande. Då skulen var ein byggjeplass og foreldre sat elevane av i sentrum, var det betre, seier dei.

 Tofte, som har tallause kilometer med skulekøyring i bagasjen, har erfart at Sveio skule er éin av to skular i Sunnhordland som har dei største trafikale utfordringane når det gjeld levering og henting.

– Eg har jobba som trafikkleiar i Tide, og som skulebussjåfør på Stord i tillegg, og veit at Sveio og Langeland skule på Stord har dei aller største utfordringane. Vanlege scenario er overfylte busshaldeplassar, stressa foreldre som skundar seg, og ikkje heilt veit kor ein kan stoppa. Det er mykje som skjer, oppsummerer han.

– Ungane ser kanskje mamma der borte, og tenkjer ikkje over kvar dei går.

Køyrde over fot

For nokre år sidan kom han opp i ein situasjon utanfor Sveio skule, der ein forelder skulle setja av ungen sin om morgonen.

– Bilen stod parkert der bussane skal parkera. Ein buss kjem bak bilen og føraren blir nok stressa. I det ungen går ut døra bak, køyrer bilen, men ungen har ikkje fått kome seg ut, og foten blei overkøyrt. Eg veit ikkje korleis det gjekk, men det er eit døme på korleis det kan gå, seier Tofte.

Inntil 11 taxiar og bussar

Ved Sveio skule og Vigdartun er det på det meste sju bussar og tre til fire taxiar om ettermiddagen. Om morgonen er trafikken meir spreidd.

Måndag, tysdag og torsdag sluttar alle elevane på same tid. Dei som ikkje bur i gå- eller sykkelavstand, følgjer ein av sju bussar og tre til fire taxiar, i tillegg til eit ukjent antal foreldrebilar. På same tid skal gjerne tilsette heim til sitt – og dei må rygga ut frå parkeringsplassen. Om morgonen er det meir spreidd.

– Det er eit tidsspørsmål om når det kjem til å skje noko katastrofalt, seier Tofte, som til liks med resten av mannskapet har stor omtanke for både unge og eldre som dei køyrer på.

Tar grep etter uhell

Derfor har det vore tungt at selskapet har vore involvert i tre ulukker i samband med skulekøyring dei siste tre åra. To av ulukkene skjedde på nøyaktig same stad, i samband med heimkøyring og stopp ved Urhaugtunet på Våga ved Ålfjorden. I august i år blei ein 2. klassing påkøyrd då ein maxitaxi skulle køyra forbi bussen, som stod i ro.

– Sjåføren har forklart at han køyrde i 10 km/t. og melde sjølv frå til politiet etter samanstøyten. Saka er henlagt, opplyser Tofte. Jenta blei undersøkt, ho blei til alt hell ikkje skadd. Som følgje av uhella, har dei tilsette blitt informerte om at bussar som stoppar for å sleppa av passasjerar, aldri skal køyrast forbi, sjølv om det er plass.

– Så får me heller tola å bli tuta på av køyretøy som må venta bak oss, seier Tofte.

Tiltak i byggeperiode

Tilbake til hente- og leveringssituasjonar – taxiselskapet har god dialog med skulane, men har ikkje kome med konkrete forslag til Sveio skule enda.

– Slik me ser det, vil ei god løysing vore at foreldre ikkje har lov til å levera ungar med bil etter klokka 08.15 morgonen. Det var noko heilt anna då skulen var byggjeplass og foreldre blei oppfordra til å setja av og henta ungane sine i sentrum. Då gjekk ungane trygt, og haldt seg vekke frå den travle sona, seier Tofte.

Sak for FAU

Rektor ved Sveio skule, Ben Jerry F. Ellingsen er opptatt av å få hente- og leveringssituasjonar tryggast mogleg. Administrasjonen har også tankar om korleis det kan løysast, og er samd i at det er til hjelp om elevar går frå sentrum og opp til skulen.

Rektoren opplever ikkje aktiviteten på busshaldeplassen som kaotisk, men er kjend med utfordringane. Skulen stiller med vaktar frå klokka 8.15, når bussane kjem, likeeins følgjer vaksne alle klassar inn i bussane om ettermiddagen.

Sårbar situasjon

– I forhold til trafikksituasjonen har det vore ei utfordring i mange år, og det er ein sårbar situasjon. Alle må vera merksame på å køyra veldig forsiktig, seier Ellingsen.

Det er snart møte i FAU, då vil trafikksituasjonen bli tatt opp, på bakgrunn av melding om at nokon bilistar held for stor fart på området.

– Det er alltid viktig å lytta til foreldra, slik at me kan gjera det tryggast mogleg for alle. Så vil me senda ut eit skriv frå skule og FAU i etterkant om korleis me løyser dette vidare, seier Ellingsen.

Jan Enerstvedt og Sigbjørn Kristensen synest lærarane er flinke til å visa elevane inn i bussane og sørgja for at dei har setebelte på. – Oppmøtetid for bussane er oftast klokka 14.15, og då er elevane alt ute og klar til heimreis. Kanskje ei sperrelinje 50 centimeter frå kanten av busslomma hadde vore ein idé og prøvd ut? seier Enerstvedt.
Powered by Labrador CMS