nyhende
Folkevekst i Sveio: – Eit teikn på at kommunen vår er attraktiv
Sveio har hatt ein markant folkevekst i første kvartal av 2025, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå. Ved utgangen av kvartalet hadde kommunen 5780 innbyggjarar, ein auke på 28 personar frå førre kvartal.
– Det er alltid stas når me vert fleire innbyggjarar i kommunen. Det at fleire flyttar til kommunen viser at Sveio er ein attraktiv og god kommune å bu i, seier ordførar André Mundal Haukås.
Folkeveksten kjem etter eit kvartal med null i fødselsoverskot, men positiv nettoinnflytting. Spesielt den innanlandske innflyttinga har vore høg, med 64 personar som har flytta til Sveio frå andre delar av landet, medan berre 33 har flytta ut.
– Eg håpar at endå fleire ser mot Sveio, og vel å busetje seg her. Me som bur her må vera flinke å framsnakka kommunen vår, det er nok den beste reklamen me kan få, legg Haukås til.
Same dag som tala blei offentleggjorde, hadde ordføraren med seg to jobbskyggarar, ungdomsskuleelevane Julianne Rommetveit og Jenny Haldin. Dei fekk innblikk i korleis ein ordførardag ser ut, og var samde med Haukås i at Sveio er ein god stad å bu:
– Sveio er jo ein flott plass å bu for oss som er unge, her er det masse kjekt å vera med på, seier Jenny og Julianne.
– Me oppfordre endå fleire til å flytta til kommunen. Her har me det me trenge, butikkar, fine turområde og ikkje minst kjekke folk, seier dei.