nyhende

Planleggingsleiar for E39 i vegvesenet Henry Asle Damman saman med sveioordførar Linn Therese Erve på vegseminaret i Aksdal. FOTO: EINAR VESTVIK
Planleggingsleiar for E39 i vegvesenet Henry Asle Damman saman med sveioordførar Linn Therese Erve på vegseminaret i Aksdal.

Folkemøte til hausten?

Planleggingsleiar Henry Asle Damman i Statens vegvesen håpar å få presentera utkastet til kommunedelplan for ny, firefelts E39 på eit folkemøte i Sveio til hausten.

Publisert Sist oppdatert

Men sommel i Kommunal- og regiondepartementet (KRD) kan koma i vegen og forseinka heile planleggingsprosessen.

Både vegvesenet og dei aktuelle kommunane gjekk opphavleg inn for statleg planlegging av den nye vegen. Sidan det er så langt fram til byggestart, meinte Samferdselsdepartementet derimot at ein skulle følgja vanleg, kommunal planleggingsprosess.

Framdrifta kan bli forseinka

— Me fekk brev om dette i januar. Men i staten er det Kommunal- og regiondepartementet som er planleggingsmynde og må godkjenna at dette ansvaret blir overført til kommunane. Me ba om å få avklaring på dette spørsmålet før påske, men har enno ikkje høyrt noko frå KRD, seier Damman.

Vegvesenet har likevel halde fram med arbeidet med kommunedelplan ut frå den føresetninga at det blir kommunal planprosess. Men Damman seier at dei ikkje kan gå vidare med kommunale folkemøte før det ligg føre ei godkjenning frå KRD. Det inneber at heile framdrifta blir forseinka.

Påverkar der dei kan

Kjem ikkje godkjenninga frå KRD før nyttår, er det fare for at vegvesenet må seia opp folk som arbeidar med E39-planane. For å hindra at dette skal skje, utfordrar Damman kommunepolitikarane til å vera med å leggja press på KRD for å få eit svar.

— Me har alt sagt frå gjennom Haugaland Vekst og Sunnhordlandrådet og vil halda fram med å påverka gjennom dei kanalane me kan, seier ordførar Linn Therese Erve i ein kommentar.

Powered by Labrador CMS