nyhende
Folkemøte sprengde kapasiteten
Det var sprengt kapasitet på Førde samfunnshus tysdag kveld, og mange lokale stilte spørsmål. Eit flammande innlegg om Valevåg fekk rungande applaus. – Hugs at ingenting er bestemt, svara Vegvesenet som oppmoda til ro.
I god tid før møtestart måtte dei stadig henta fleire og fleire stolar. Bilar stod parkert ned til innkøyrselen ved Fylkesveg 47. Fleire hundre var møtt opp, og styrar for samfunnshuset Olav Hovland trur det var om lag 250 personar.
Det var først to timar med foredrag og detaljert forklaring frå Vegvesenet. Dei første spørsmåla kom undervegs, og fleire gonger måtte Henry Damman frå Vegvesenet be folk venta til slutt. I pausen mellom foredrag og spørsmål frå publikum, var det mange som hadde gjort seg nokre tankar.
Natur, ikkje næring
– Eg er ikkje så begeistra for vestleg trasé gjennom Haukås, sa Solfrid Haugsgjerd.
Ho driv ein gard i nærleiken, og alternativet nærast noverande veg vil gå rett gjennom skogen hennar, og grisehuset.
– Det vart snakka om kompensasjon for dei som vert råka, vert du roa av det?
– Nei, eigentleg ikkje. Eg trur ikkje det vert verdt det, svara ho.
Haugsgjerd var ei av fleire som var interesserte i open kontordag, eit tilbod kor Vegvesenet kjem tilbake til Førde samfunnshus den 22. november frå klokka 12.00 til 19.00. Tre søsken som sat på rad sakna eit fokus på næring, særleg sidan deira familiebedrift og hjørnestein i Sveio vert råka av ny veg uansett.
– Det verkar ikkje som det er noko tanke for næring. Dei snakka mest om natur, sa Åshild Kinn Walland.
– Me visste jo at stasjonen kom til å bli påverka, men det verkar som dei berre vil at folk skal susa gjennom Sveio fortast mogeleg, sa Øystein Kinn
– Det er berre seks kryss og ingen avkøyrsler. Kva då med dei som treng å fylla bensin? Og kva med næringsområde? Korleis skal dei kopla seg på denne nye vegen? spurde Thor Kinn.
Mange spørsmål
Etter pausen vart det opna for spørsmål frå publikum. Ein bebuar frå Middagshaugen, eit nabolag i Valevåg som kanskje vert råka, ville ha svar på kven det var som bestemte trasé.
– Er det Vegvesenet eller politikarane våre? spurde mannen
– Både ja og nei, svara Damman.
Han forklara at viss Sveio går inn for eit forslag Vegvesenet trur er umogeleg, så vil dei koma med innvending. Då vert Statsforvaltaren involvert i mekling, før ei avgjersle vert teke hjå Samferdselsdepartementet.
Vegvesenet gjentok stadig at deira oppgåve var å undersøka mogelege trasear, og at ingenting er bestemt enno.
Roald Østensjø frå Naturvernforbundet i Haugaland ville vita totalt kostnad.
– Om lag 20 milliardar, svara Damman.
Etterpå braut heile salen ut i latter då Østensjø spøkte om at det berre vert 6 eller 7 kryss mellom Bokn og Bømlafjorden, og at han var redd for å enda i Bergen eller Stavanger om han køyrde inn på vegen. Minst to av kryssa vert i Sveio, og eit mogeleg tredje i Førde ut frå kva trasé Sveio vel. Og Førde var eit sårt punkt for mange.
Førde og Valevåg vanskelegast
Austvik er ein av dei som ser på kartet og at huset hans vert råka.
– Berekraft synest å vera det viktigaste ordet i dag. Kva tenkte de når de la ein firefelts motorveg gjennom Førde? Eg vil kalla det eit dødsstøt, sa Normann Austvik.
– Ja, Førde vil vera vanskeleg, svara Damman
– Det vert heilt øydelagt. Delt i to! sa Austvik
– Ja, det kan vera eit resultat, svara Damman.
Thomas Førde ynskte å vita kvifor begge alternativ i Førde går gjennom bygda og så tett på.
– Kvifor ikkje ein tunnel utanom bygda? spurde han.
– Det skuldast nærleik til Joavatnet som er drikkevatn. Difor gjekk me bort frå austleg side av fjellet.
Ærleg om konsekvensane
Vegvesenet hadde mykje forståing og tålmod for dei til stades. Dei hadde teke med seg sin entreprenør Rambøll som også kunne svara på spørsmål.
Ei anna kjelde til frustrasjon, særleg for dei nord i kommunen, var at Vegvesenet sin presentasjon nemnde at det vil koma ny Bømlafjordtunnel, men at dei ikkje veit kvar. Det fekk Martin G. Haugland til å minna om usikkerheita dei må leva med, særleg dei unge.
– Plutseleg kan me risikera at våre barn må reisa ein time dagleg for å gå på skule. Det betyr kanskje ikkje noko for dykk, men det betyr alt for oss, sa Haugland, og vart møtt med rungande applaus.
Det var eit godt folkemøte, og Vegvesenet oppmoda folk om å nytta open kontordag, og ein nettportal kor ein kan legga inn spørsmål. Og Damman var heilt ærleg om at ei utbygging ikkje vil vera uten konsekvensar.
– Nokre stader vil vegen få negative ringverknadar for folk og omgjevnader, sa Damman.