nyhende

Prosjekt- og byggeleiar i Sveio kommune, Andreas Ekrheim, ber om innspel når han kjem til folketmøtet i Auklandshamn. Den grøne streken på kartet i bakgrunnen viser traseen som blir utgangspunkt for samtalen.
Prosjekt- og byggeleiar i Sveio kommune, Andreas Ekrheim, ber om innspel når han kjem til folketmøtet i Auklandshamn. Den grøne streken på kartet i bakgrunnen viser traseen som blir utgangspunkt for samtalen.

Folkemøte om turveg som skuleveg

Onsdag 31. januar vil innbyggjarane i Auklandshamn-krinsen bli inviterte til å koma med innspel til pilotprosjektet «turveg som skuleveg». Prosjektet er kommunalt, men inkluderer samarbeid med bygdalaget.

Publisert Sist oppdatert

Planen som bygdefolket vil få uttala seg om, omfattar 5,5 kilometer turveg gjennom utmark frå Lien til Vestvik, med armar ned til fylkesvegen i Øklandsnes, Stølen (Auklandshamn skule), Mjånes, Eikeland og Eikeland kapell.

På Vestvik vil turvegen møta fylkesvegen ved krysset med Fabrikkvegen. Vegen skal ha veglys og grusdekke av ein standard som kan brøytast med traktor om vinteren. Vegbreidda må difor vera 2,5-3 meter.

Grunneigarane orienterte

På folkemøtet vil kommunen ha innspel til til traséval og andre spørsmål knytt til prosjektet. Dei vil også gjerne høyra frå dei mange grunneigarane som vil bli berørte, opplyser Andreas Ekrheim, prosjekt- og byggeleiar i Sveio kommune .

Grunneigarane har fått informasjon om planarbeidet som pågår. Eitt av spørsmåla som må avklarast, er om det må lagast reguleringsplan for det aktuelle området.

Mest truleg må området regulerast. Det kan også vera ein fordel på mange måtar, men vil føra til at det tar lengre tid før vegen er ferdig.

Pilotprosjekt

Det var i slutten av september kommunestyret vedtok å løyva 300.000 kroner til eit pilotprosjekt for å finna ut om det kan etablerast turvegar som også kan nyttast som trygge skulevegar. Kommuen vil vurdera dette i forhold til alle skulane, for å redusera kostnadene til fri skuleskyss på grunn av farleg skuleveg.

Auklandshamn blir omtalt som eit referanseprosjekt i arbeidet. Kommunen har over tid prøvd å få eit samarbeid med Vestland fylkeskommune om bygging av gang- og sykkelveg langs fylkesvegen gjennom Auklandshamn. Dette har ikkje lykkast, sidan prosjektet ikkje er med i fylkeskommunen sin regionale transportplan. Det viser seg også at gang- og sykkelveg langs fylkesvegen vil bli svært dyr.

Auklandshamn bygdalag var allereie i gang med å planleggja ein turveg før kommunen melde si interesse. Bygdalaget har også vore med på å foreslå den traseen som nå er teikna inn på kartet, men som altså kan justerast etter innspel som måtte koma.

Spelemidlar

Ved å satsa på turveg er det mogleg å søkja spelemidlar til prosjektet, og dessutan få momskompensasjon. Det vil redusera behovet for kommunale løyvingar. Turvegen vil også ein klar folkehelseprofil.

Sjølv om ikkje heile vegnettet får universell utforming, vil ein veg med denne standarden gjera det mogleg også for personar med lettare rørslehemmingar å koma seg ut på tur. Og det vil vera ein veg som barn, unge og vaksne kan nytta for gå eller sykla til fritidsaktivitetar eller besøk,

– Først når rapporten frå pilotprosjektet ligg føre – truleg etter sommaren – vil kommunestyret ta stilling til om dei vil gå for dette alternativet til trygg skuleveg, fortel Ekrheim.

Han kan enno ikkje seia noko om kva vegen vil kosta eller kor lang tid det vil gå før anleggsarbeidet eventuelt kan starta.

Powered by Labrador CMS